Vinning gjennom tap
Referat frå bibelhelg med David Sjøen
David Sjøen frå Åkrehamn, Karmøy, tok turen til Valderøya denne helga. Han hadde temaet "Vinning gjennom tap" (1. Petersbrev), og vi fekk nokre gode samlingar om Guds Ord denne helga. Fredag song ASAF oss inn i bibelhelga med fin song, og David Sjøen tok oss vidare med til Matteus 16. Her får Peter "toppkarakter" i Guds openberring (vers 7), medan vi les vidare om "botnnoteringa"- om kor lite mennesket i seg sjølv har sans for det Guddommelege - i vers 23. Med desse kontrastane frå Peter i Matteus 16, tok David oss med inn i 1. Peters brev og peika på det å investere livet - legge frå seg sitt eige - for å vinne livet for Kristus. Vi er fødd på ny til eit levande håp, og ein arv som er ferdig for alle som trur. Difor kan vi juble av glede sjølv når vår tru vert sett på prøve.
Laurdag var det møte kl 18 og 19.30 og her deltok Kristine Naalsund med fin solosong og det vart ei fin mat- & prateykt i pausa. David las vidare 1. Pet 2,4 og utover til 4.11 denne kvelden. Vi fekk høyre at vi er kalla til eit heilag liv og til å kome til han, den levande steinen, og sjølve bli levande steinar i eit åndeleg byggverk. Vi er kalla til å forkynne hans storverk som Guds vunne folk. Kalla til også å underordne oss, til å leve rett i verda, til å tene Gud, "Vis alle ære, elsk søskenfelleskapet, frykt Gud, gje keisaren ære." (2, 17). Også rollene for ektefolk vart omtala og her er Kristus som lei og etterlot seg eit eksempel for mennesker i ekteskap. Salig er den som lir for rettferda si skuld. "Ver ikkje redd for dei, lat dykk ikkje skremma, men hald Kristus heilag som Herre i hjartet" (3, 14-15).
Søndag kl 11 var siste samling denne møtehelga. David fortsette fra 1. Pet 4,12 og ut brevet. Vi er lemmer på Kristi lekam og om ein lem lir så lir Kristus med. Femte og siste kapittel startar med ei inderleg oppmoding til dei eldste: "Ver hyrdingar for den Guds flokk som de har hjå dykk!". Kor er borna og ungdomane våre? Det kviler eit stort ansvar på oss som kristne å rettleie og syne born og unge vegen til Jesus og gjere deira tru sterk. Vi kristne må ydmyke oss under Guds mektige hand og vere edrue og vakne for kampen mot djevelen, "ei brølande løve", som gjeng rundt oss (kap5,8). "Ei kort tid må dykk nok lide, men all nådes Gud, som ved Kristus har kalt dykk til sin evige herlegdom, han skal utruste dykk, gje dykk kraft og styrke og sette dykk på fast grunn. Makta er hans i all æva. Amen" (5,10-11). Peter skriv brevet her for å oppmuntre og vitne om Guds sanne nåde og ber oss stå i denne nåde.
Det var gode møter kring Guds Ord og bra med folk som fekk med seg møta denne helga. Temaet utfordra vår menneskelege hang til å ynskje å bestemme og redigere våre liv på eiga hand og at vi som kristne utfordrast til å investere våre liv for Guds rikes arbeid. Måtte desse orda frå Petersbrevet bli med våre liv i kvardagen - Guds ord skal ikkje vende tomt tilbake .
Harry V.
- Årsmøte 2019 - 25. januar
- Adventfest m/ 110-års jubileum og takk til Arnvid Lervik i Valderøy Søndagsskule
- Årsmelding 2014 Valderøy IM
- Kurt Urhaug
- Møteveke - Vidar Brautaset
- Den Indre Sjømannsmisjon
- Ole K. Iglebæk 2. og 3. februar 2013
- Tett på Abraham
- Vinning gjennom tap
- Møte med Odd Sæther
- Møte med Oddbjørn Brunstad