Møte med Oddbjørn Brunstad
Kort samandrag frå talen 07.10.2012
Søndag 7. oktober kl 11 hadde vi besøk av Oddbjørn Brunstad. Han både song og talte på møtet. Tema for møtet
var "fornying", og han tok utgangspunkt i Matteus 28, 18-20.
18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.
19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,
20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»
Brunstad brukte tid på å snakke om det å vere læresvein, følgesvein og disippel. Ein læresvein må vere dyktig til å lytte og lære av sin meister. Disippelen vert forma i sin karakter av læremeistaren. Det er ein tanke at der skal vere ei utvikling i truslivet. Har vi blitt betre til å lytte og å praktisere gjerningane hans?
Diverse bibelsitat som vart lest:
Jesaja 50, 4-5;
4 Herren min Gud har gjeve meg ei læresveins-tunge, så eg med mitt ord kan styrkja den trøytte. Kvar morgon vekkjer han mitt øyra, så eg kan høyra på læresveins vis.
5 Herren min Gud har opna mitt øyra. Eg sette meg ikkje imot og drog meg ikkje unna.
Efesarbrevet 1, 17-18;
17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna.
18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage.
Rom. 12,1-2.
1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.
2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
Takkar for ei god samlig der vi fekk lytte til ordet i song og tonar.
Ref.: Vidar Skjong (grafikk frå christiansunit.com)
- Årsmøte 2019 - 25. januar
- Adventfest m/ 110-års jubileum og takk til Arnvid Lervik i Valderøy Søndagsskule
- Årsmelding 2014 Valderøy IM
- Kurt Urhaug
- Møteveke - Vidar Brautaset
- Den Indre Sjømannsmisjon
- Ole K. Iglebæk 2. og 3. februar 2013
- Tett på Abraham
- Vinning gjennom tap
- Møte med Odd Sæther
- Møte med Oddbjørn Brunstad