Den Indre Sjømannsmisjon

13.-17. Mars

Den Indre Sjømannsmisjon hadde møteveke 13. til 17. mars 2013. 

Det var misjonssekretær for Møre og Romsdal krets Andre Sætre som talte på møta.

 

Han orienterte om det viktige arbeidet DISM har langs Norskekysten heilt sidan den starta opp i 1880. Vi nemner særleg Betelskipet Elieser 6 som vitjar heile kysten vår med evangeliet, og vi opplever kvart år at menneske vert frelste.

 

Onsdag song ungdomskoret Inspired, fin song og inspirerande ungdom. Andre Sætre talte fra Høysangen: Sort er jeg men yndig.

 

Torsdag var emnet: Jesu gjenkomst. Han skal kome og hente sine heim til bryllaupet snart, medan trengselen vil kome over denne jord. Men Herren står bak sitt ord og kjem tilbake til Israel når hans føter skal stå på Oljeberget.

 

Fredag var emnet bøn.

 

Laurdag song Adonai for oss, fin og god song. Andre talte over Joh. 17. om å kjenne den einaste og sanne Gud.

Møtet vart avslutta med åresalg, som ga eit fint resultat til DISM. Og vi takkar alle som stilte med bløtkaker og andre fine gevinstar.

 

Søndag avslutta vi med møte kl. 17, og Eliesergruppa Havlys song og vitna for oss. Dette er ei nystarta songgruppe av ungdomar som vi håper vi kan få mykje glede og velsigning av.

 

Robert Uggedal