Årsmelding 2014 Valderøy IM
Her er ein kopi av årsmeldinga frå Valderøy IM som vart godkjent ved Valderøy IM sitt årsmøte den 29.nov 2014. Det var eit ønske om å legge denne ut på heimesida til Valderøy bedehus . Her kan du lese meldinga. Meir om årsmøte finn du i eigen artikkel på heimesida.
Årsmelding for Valderøy Indremisjonsforening
– til årsmøte 29.nov. 2014, Valderøy bedehus
Valderøy Indremisjonsforening vart stifta i 1899 og foreninga har holdt på i 115 år . Det er lenge det.
Ei forening som har holdt på sidan slutten av 1800 talet med kristent arbeid vitner om at det må vere eit virke som gjeng om noko meir enn menneskeleg engasjement. Å drive med arbeid i ei forening der formålet er "å vinne og vara menneske for Kristus", er ei stor og umenneskeleg oppgåve der ein treng Guds leiing, nåde og hjelp. Å vere med i tjeneste for Gud må for alle, også i tjeneste for Valderøy Indremisjonsforening, vere tufta på bønn, Guds Ord, brødsbryting og arbeid for eit godt fellesskap for dei kristne.
Årsmeldinga her oppsummerer arbeidsåret frå forrige årsmøte 30. nov 2013 og fram til i dag.
Heimlov
Vi vil reise oss og minnast dei i forsamlinga vår som har fått heimlov det siste året – dei er borte frå legemet og heime med Herren no (...) Vi skal få ta med oss minna og takke for desse kristne søskena som vi fekk dele felleskap med på bedehuset og vi må huske å ta med dei som sit att når vi ber.
Arbeidet
Det er mykje som skjer i Valderøy bedehus – ja, det er stort sett nokon innom kvar dag. Gjennom veka er det både yngresarbeid, seniorsamlinger, søndagsskule, bibellesing, ungdomskvelder, styremøter, foreninger, komitemøter, øvinger og møter. Vi ser at frammøte til nokre samlinger er bra og andre samler færre. I år har vi ved fleire høve hatt samlinger med omlag fullt hus – opp mot 500 innom. Neste møte kan det vere 5-10 innom. Men Guds Ord rekk til alle og Herren treng ikkje påmelding for å planlegge matmengda, men vi kan no smatte på om Herren "drar på litt" når det er få ? Ja, skal tru? Det er nok slik at møteleiar synest det er inspirerande når mange kjem, men vi opplever likevel at frammøte ikkje avgjer om møte med Jesus blir godt. Vi kaller det lett for "småmøte” når det blir få, men kanskje "få-møte" er betre. For der Jesus, vår og verdas frelser, er med er det stormøte - ofte av dei største når det kjem til både å få, bli styrka i både tru og fellesskapet oss kristne mellom.
Det er likevel noko vi kanskje skal tenke meir på når arbeidet og møta planleggast framover : Korleis kan vi få til samlinger for alle, både barn, unge, voksne og dei eldste? Vi ser at det er ein del eldre og trufaste på møta, men vi vi ser også kor glade desse blir når dei får vere ilag med barna , ungdomen og foreldregenerasjonen. Vi må arbeide med å få med fleire av dei unge og dei i aldersgruppa i 30-40 år til "vanlege" kveldsmøter / bibelhelger / møteveker .
Forsamlingsmøter ala "når vi kjem saman" har vi ikkje fått til som planlagt. Det har vore nokre få forsamlingsmøter der VIM / IUF /Søndagsskulen arrangerer ilag. 1.mai, i oktober og ved adventsfesten i desember hadde vi samlinger i fellesregi. Plan var å få desse "når vi kjem saman"-samlingane til minst 4 gonger iåret. Ein eigen komitê hadde 2-3 samlinger før det stoppa litt opp – i februar skulle det vere ei slik samling, men den måtte dessverre utsettast . Eit ønske frå styret har vore å få på lufta eit fast opplegg med forsamlingsmøter på søndager (ein gong i månaden eller oftare).
Bibellesingane er annakvar torsdag kl 20.30 når det ikkje er anna møte. Her les vi eit kapittel og har samtale og avslutter samlingane med bønnestund. Møta har hittil vore arrangert/leia av medlemane i styret.
60+samlingane er første tirsdag i kvar månad kl 11. Her er det mellom anna rikeleg med sang, vitnesbyrd og historiedeling for dei over 60år. Ein bra gjeng seniorar frå heile kommuna samlast her ein gong i månaden. Ansvarlege i år har vore Norunn Mulelid, Randi Sjåvåg, Gerd Holene, Gunnar Gidske, Kåre Ervik og Torstein Walderhaug (kontaktperson). Håkon Frøystad er skyss-ansvarleg og her er fleire damer som har stilt trufast opp til kjøkkentjeneste før samlingane.
Nærradiogruppa som har laurdagskveld-sendingar frå studio i bedehuset, er fortsatt Anbjørn Walderhaug, Asbjørn Røsås, Odd Sæther og Torstein Walderhaug. Harald Austnes, Andre Hildre og Robert Uggedal har hatt teknikken ved sendingane. Radio Sentrum har omlag 10 000 lyttarar pr veke. Med laurdagskveldsendingane ca 1 gong pr månad nå ein ut til mange med dette arbeidet. Dei ønsker nye velkomne inn i radiogruppa – ta kontakt om du kan tenke deg å "gå på lufta" eller vere med og på anna vis for å videreføre denne misjonsgreina.
Sanggrupper er her fleire av på bedehuset. ASAF mannskor, Adonai og Valderøykvartetten har sine øvinger på bedehuset. Barnekoret er tilknytta søndagsskulen og ungdomskoret Inspired er eit felleskor ilag med Vigra Kr Ungdomslag.
Valderøy IM si UngdomsForening eller Valderøy IUF - er ei eiga forening med eige styre og rekneskap. IUF si målgruppe er barna og dei unge, og foreninga driv eit viktig arbeid blant barn og unge. IUF har arbeidsgreinene JUNIOR (-5.kl) og B-tween (6-7.kl / tidl "Hobby") som har sine samlinger hhv torsdager og onsdager i skuleåret. IUF arrangerer også jevnlege Ungdomsmøter/-kvelder og er med på nokre faste arrangement som "Vi syng jula inn" (sang/musikkmøte), Konfirmantfesten i april, 1.maifesten (ilag med VIM), Adventsfesten (ilag med Søndagskulen). Dei driv også med lovsangteam og har dei siste åra hatt felles U-kor – Inspired - ilag med Vigra Kr U.lag. Ungdomer frå Vigra og Valderøya arrangerte også "Alive'14" i juni her i Valderøy bedehus – eit arrangement der Stan Mons og nokre andre ungdomer frå ein bibelskule i New York deltok med både taler og sang på kveldsmøter og i temasamlinger . Unge og voksne deltok i møta og det var gode møter som samla både yngre og eldre ungdomer og vaksne i fellesskap.
Vi ser at her er mange, også nye, barnefamilier som kjem til søndagsskule, familiefredag-samlinger og enkelte andre fellessamlinger på bedehuset. Er vi best mogleg organisert i arbeidet (mellom IM/IUF og Søndagsskulen/IUF) når ei av vår kanskje viktigaste målgruppe for arbeidet er desse småbarnfamiliene og arbeid blant dei yngste. Er det dags for å vurdere måten vi organiserer arbeidet på (i styrer / komitèer / arbeidsgreiner). Mange sett stor pris på samlinger på bedehuset der alle aldersgruppene er med – både Barn, Unge, Voksne og Eldre – eller BUVE for å seie det litt forenkla. Tenk om vi, ilag, fekk til fleire slike BUVE fellessamlinger i 2015 ! Styret synest dette er viktig å prøve å få til – fleire BUVE samlinger ! Det er eit godt samarbeid og fellesskap mellom foreningane, men kan vi få til eit tettare samarbeid mellom IM/IUF/Søndagsskulen ?
Valderøy Søndagsskule er ei arbeidsgrein i Valderøy IM. Søndagsskulen blir leia av Turid Tomren etter at Arnvid Lervik takka av i fjor, etter 30 år som leiar for Søndagsskulen. Her er ein bra leiargruppe av unge/voksne som driv søndagsskulen i Valderøy bedehus. Valderøy Søndagsskule har vore i sveng i 110 år i år, og både dette og Arnvid sine 30år i leiartjeneste er det planler om å markere på adventsfesten 7.desember. Søndagsskulearbeidet er ei viktig arbeidsgrein for forsamlinga i Valderøy bedehus og meir om arbeidet får vi i ei eiga melding frå Valderøy Søndagsskule ved Turid Tomren.
Sangarrangementer har det vore fleire av siste året. Singing in the City er eit slikt sangarragement, og dette vart for første gong her den 14.-16.mars. I tillegg til mykje sang, musikk og andakt på samlingane fredags- og laurdagskvelden o g søndag føremiddag, var her bibeltime laurdag kl 10.00 v/Erik Furnes (taler). Sanggruppene Sisters og Talley Trio frå USA deltok i tillegg til lokale sangere/grupper. IMF var arrangør i samarbeid med ein lokal komitè ved Valderøy bedehus.
Elles har det vore nokre sangkvelder med bl.a Roland Lundgren (v/Star of Hope) i sept, Mette&Roger Sørensen m/pianisten Håkon Tolås no i november. Havlys/DISM arrangerte evangelisk sang og musikkmøte i går kveld, 28.nov.
Møteveker og bibelhelger i regi av Valderøy IM har det vore fleire av også dette arbeidsåret med desse talarane : David Sjøen 10.-12.jan, Kurt Urhaug 22.-26.jan, Ruben Lie Monsen/Marit Stokken 16-20.april Påskemøter (VIM/SI) , Håkon Helland 6.-8.juni, Yvonne Brown 23.og25.mai, Johan Halsne 13.-17.august, Rune Ludvigsen 31.okt-2.nov '14, Willy Sæther 13.-14.nov.
Brødsbryting / bøn- og vitnemøter . Vi prøver å få til ei samling med brødsbryting kvar månad – slik har det vore dei seinare åra og desse minnamåltida er viktige for forsamlinga og for Herren. Bøn og vitnemøte har vi når det ikkje er andre møter satt opp på laurdag eller søndag. Er det ikkje andre møter med taler så prøver vi samlast til bøn og vitnemøte enten laurdag eller søndag. Vi har fast bønestund på bibellesingane òg.
Påskemøter - eit fellesarr mellom VIM / SI - vart i år arrangert frå onsdag 16. – søndag 20. april i Valderøy bedehus. Dette var eit fellesarrangement ilag med Sunnmøre Indremisjon (SI). Marit Stokken og unge Ruben Lie Monsen deltok som talere på bibeltimane (kl 18) og kveldsmøta . Ruben deltok også på felles Ungdomskveld for kommuna som IUF arrangerte laurdagskvelden. Det var det bra med folk på samlingane og mange synest det bør vere slike påskemøter kvart år på bedehuset.
Møter ved andre organisasjoner er det også Kristen Muslim Misjon m/talere Odd Sæther/Kjell Furnes, Den Indre SjømannsMisjonen, Norsk Luthersk Misjonssamband m/taler Egil Sjåstad , Normisjon, Star of Hope m/Roland Lundgren (frå "Curt&Roland") , Daggry barnehage, Norsk Gideon m/taler Lyster , Ordet og Israel m/taler Ibrahim, Indremisjonsforbundet (felles IMF/VIM) og Sunnmøre Indremisjon (felles SI/VIM) har arrangert samlinger i tillegg til Valderøy IM sine samlinger. Og New Tribe Mission m/taler Jack Douglas og NSP Aid m/Gunnar Hamnøy mfl.
Lyd & bilde er eit eige arbeid. Dei fleste møta er slik at vi treng nokon som kan styre lyd og bilde. Her er fleire som dreg i spakane og bidreg til bilde og tekst hamner frampå veggen, men vi vil takke spesielt Bjørn Tomren for ein framifrå innsats i mange, mange år med tida han har gitt for både lydmix og å gje råd og finne gode løysinger på lyd og bilde både i hovedsal og i U-etg.
Websida er felles for arbeidet på bedehuset og adressa er www.valderoybedehus.no. Web-ansvarleg er Roy Mulelid og han gjer ein god jobb for å få ut omtaler av det som skjer på bedehuset , samt publisering av andakter mm. Ajourhald av både kalender og anna har fungert bra og bl a VIM styret har eit eige område der vi har dialogen og lagrer referat og andre dokumenter som vedkjem bedehuset og arbeidet. Har du ei helsing eller noko du ønsker publisert av arrangement på huset – kontakt Roy Mulelid eller nokon i styret. Mange av talene frå møta på bedehuset finn du også på websida.
Kvinneforeninga i Valderøy IMgjer ein viktig og god jobb for forsamlinga vår. Både i det praktiske, økonomiske og med den iver dei har vist og viser i si mangeårige og trufaste tjeneste, vitner medsøstrene våre i Kvinneforeninga om noko av det vi trur på og arbeider for med si omsorg for menneske både i forsamlinga og utafor. Liljan Valderhaug og Margrethe Krogen leiar foreninga.
Blomsterutdelinga til sjuke og eldre i forsamlinga skjer i desember kvart år. Bente Dyb mfl har gjort mykje for å få dette til dei siste åra. Dette er eit fint arbeid der vi får møte folk heime eller på ein av omsorgssentra i kommuna. Ta oppdraget om du blir spurt om å delta her – her trengs ein del folk for å nå ut til alle.
Huset– bedehuset vårt - er eit tjeneleg redskap for arbeidet vi driv og det er mange som gir uttrykk for kor flott det er å kome inn i den nyoppussa storesalen . Etter eit par år med mykje oppussing av hovedsalen med nybygd scene, ny kjøkkenkrok, skillevegger i småsal, nye farger og noko nytt inventar, har det i 2014 vore mindre arbeid på sjølve bygget. Matsalen har fått isolert vestveggen sin og det er nylig installert ei ny varmepumpe over inngangsdøra i hovedsalen. Det er elles kjøpt inn litt utstyr til hovedsalen, mellom anna nokre note-og micstativ, høgtalarar og trådlause mic'er – dei gamle mic'ane er solgt. Nytt dekketøy (til ca 100 stk) er også kjøpt inn.
Kva med austenden? Styret har vurdert litt kva ein evt bør gjere med resten av hovedetasjen. No som storesalen er ferdigoppussa bør ein ta stilling til korleis ein skal fare åt med austenden av bygget - med inngangspartiet, hall/garderobe, toalettområdet, kontor/studiofløy og trapperom. Det trengs renovering og kanskje også ei ombygging av austfløya for å få denne delen av hovedetasjen tilpassa dei rombehova og løysingane som trengs i høve til arbeidet vi driv i dag og til dagens krav til utforming. Toalettene bør vurderast med tanke på universell utforming og ein bør vurdere om ein skal ha heis i bygget.
Husnemndaer teamet som har tilsyn og gjer diverse vedlikehold av huset. Torhild Frøystad, Torgunn Walderhaug, Arne Sindre Fjørtoft, Jens Kåre Mulelid, Svein Røssevold og Halvard Dyb er medlemane i Husnemnda. Dei gjer eit viktig arbeid og utfører fleire oppgåver som elles hadde kosta mykje å få utført av eksterne. Kjartan Skjong er ansvarleg for huset og kontakten med husnemnda på vegne av styret.
Vaskekomitèane møtast ein gong pr veke og svenger seg med moppen, tvøgå og støvesugern og held huset nokonlunde gullende reint og stelt. Flott at vi kan dele på grønsåpa og møtast på denne "bedehustrimmen" – her er det berre å gi eit venk om du ikkje er innrullert i ein vaskekomitè – du får deg heilt sikkert ein plass. Her er kanskje nokre av oss karane på vaske komitelistene som pratar alt for mykje når vi kjem på bedehusvaskinga – men det blir reint kvar gong likevel... Nokre synest vel det er litt stas å kome heimatt etter fredagsvasken og skilte med kor dei har vore – og prata og/eller vaska.
Utleige av huset vart det opna for i fjor og pt er det vore utleige til private åremålsdager/konfirmasjoner mm til 4-5 stk utenom dei utleige til minnestundsamvær. Styre ved leiar har hittil tatt seg av dette ilag med Roy Mulelid.
Økonomientil foreninga er bra. Regnskapet viser at foreninga er gjeldfri og hadde knapt 286.927 kr i på konto pr 31.okt 2014 . Rekneskapsperioden er frå 1.nov-31.okt. kvart år, og legg vi til inntektene frå julemessa og trekker frå utgifter så er der knapt 400 000 kr pr 1.jan 2015. Viser til eiga sak om rekneskap og gjennomgang av dette seinare i årsmøtet.
Valnemnda har i år vore Gerd Holene, Geir Otterdal og Jan Ivar Stokseth.
Styret i Valderøy IMhar vore slik samansatt: Annlaug Walderhaug (sekr), Ståle Johan Valderhaug, Kjartan Skjong (nestleiar), Harry Valderhaug (leiar), Bente Marion Dyb, Karen Randi Sæther (kasserer) og Harald Austnes. Gunn Sissel T.Mulelid og Laila J Valderhaug (høvesvis 1. og 2. vara) har delteke på styremøta. Styret har handsama 47 saker og alle medlemane (inkl vara) i styret har delteke på kvar sine måter i arbeidsoppgåver som fell på styret. Styret har, ifølge eit samstemt styre (merk at dette ikkje er ei eiga sak m/vedtak;) fungert godt ilag. Vi har hatt 10 styremøter og eit fellesmøte med IUF/Søndagsskulen.
Med dette tek vi og runder av dette glimtet av Valderøy IM sitt 115.arbeidsåret og årsmelding med å takke for alle som er med i arbeidet på allslags vis. Takk til deg som har vore med i styret og no går ut av styret. Takk til deg som stiller opp til valg for styret. Vi les i Fil.4,6 «…men legg alt de har å be om fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.» Be for arbeidet, forsamlinga og dei som bur på øya vår.
Be om at oppdraget vi har med arbeidet i Valderøy IM - "å vinne og vara mennesker for Kristus" - kan lykkast!
Valderøya, den 29.november
For Valderøy Indremisjonsforening
Harry Valderhaug (styreleiar)
- Årsmøte 2019 - 25. januar
- Adventfest m/ 110-års jubileum og takk til Arnvid Lervik i Valderøy Søndagsskule
- Årsmelding 2014 Valderøy IM
- Kurt Urhaug
- Møteveke - Vidar Brautaset
- Den Indre Sjømannsmisjon
- Ole K. Iglebæk 2. og 3. februar 2013
- Tett på Abraham
- Vinning gjennom tap
- Møte med Odd Sæther
- Møte med Oddbjørn Brunstad