Årsmøte 2019 - 25. januar

Årsmøtet 25. januar 2019
Anbjørn Walderhaug heldt andakt. Han minte oss om å ta vare på kvarandre. Vi er lemmer på Kristi lekam. Vi er avhengige av kvarandre, og alle har kvar sine funksjoner.
Styreleiar Nils Einar Berget las opp årsmeldinga. I den blei alle greiner på bedehuset gjort greie for.
Rekneskapen for 2018 blei gått gjennom og godkjent. Det viser eit lite overskot, og ingen store utlegg dette året.
I Husnemnda gjekk Halvard Dyb ut og Hans Louis Valderhaug blei valt inn. I styret gjeng tre medlemmar ut. Til årsmøtet var berre ein kandidat avklart. Nytt styre blei ikkje valt, men det blei konkludert med at det skal bli ekstraordinært årsmøte for val av styre. Mariann Runde blei valt inn no. To kandidatar manglar.
Forslag til lovendring blei presentert. Den skal eventuelt vedtakast på neste årsmøte.
På tampen av årsmøtet fekk vi innspel frå salen om å vise omsorg for kvarandre. Alle var einige om det.
Kortfatta referat ved Jarl Olav Sæther
- Årsmøte 2019 - 25. januar
- Adventfest m/ 110-års jubileum og takk til Arnvid Lervik i Valderøy Søndagsskule
- Årsmelding 2014 Valderøy IM
- Kurt Urhaug
- Møteveke - Vidar Brautaset
- Den Indre Sjømannsmisjon
- Ole K. Iglebæk 2. og 3. februar 2013
- Tett på Abraham
- Vinning gjennom tap
- Møte med Odd Sæther
- Møte med Oddbjørn Brunstad