Møte med Odd Sæther

Emne: Jesu gjenkomst

Karl Johan Giske leia møtet og opna med å lese frå 1 Joh 4,19 og Rom. 8, 31-39

 

1 Joh. 4, 19  

19 Vi elskar av di han elska oss fyrst

 

Rom. 8, 31-39

31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss?

32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?
33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner.

34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss.

35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd?

36 Det står då skrive: For di skuld vert vi drepne dagen lang, vi vert rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss.

38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt,

39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Odd Sæther refererte til opningsorda, og sa at han vart mint om den kjente songen "Ingen er så trygg i fare som Guds lille barneskare", då Rom 8 vart lest.

Emnet for talen var Jesu gjenkomst.


Gud har alltid lagt planar og no er vi i ei av  periodane i desse planane: Hans kome: Messias.

Ap.gj. 15, 13-18: Guds plan for denne tidsperioden.

 

13 Då dei hadde tala, tok Jakob til ords og sa: «Brør, høyr på meg!

14 Simeon har gjort det klårt korleis Gud for lenge sidan sytte for å vinna seg eit folk av heidningar som skal æra hans namn.

15 Og dette er i samsvar med det profetane har sagt, som skrive står:
16 Sidan vil eg koma att og reisa Davids falne hytte. Det som er nedrive, bygg eg opp, eg reiser det på nytt,
17 så alle andre menneske kan søkja Herren, alle folkeslag som mitt namn er nemnt over. Så seier Herren som gjer dette,
18 det som er kjent frå æve av.

Jacob tek fram Guds plan i denne tida i vers 14. Syndarar sine hjarte rundt i heile verda skal erobrast når evangeliet forkynnast for Alle. Vers 16 - Gud bygg si "menighet". Han vil sette sitt navn på "menigheten": Kristi menighet. Gud la Israel litt til side, og bygg no "Himmelens folk/menighet", med Jesus som Konge. Frelsa er uforskyldt av nåde, for Alle. Vers 15 viser at alt stemmer etter profetane, at Gud vel ut sitt folk. Alle profetiar om Han vert oppfyllt. Rettferd vil regjere. Det vert nye tider når Fredsfyrsten får regjere. Gud vil halde sitt løfte.


Odd refererte vidare til ulike vers, som peikar på "denne" Jesus.  

 

Ap. gj. 1, 11

11 og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»


Joh. Opb. 22,20  

20 Han som vitnar dette, seier: «Ja, eg kjem snart.» Amen. Kom, Herre Jesus!


Denne hushaldninga er omslutta av løftet om at Han skal kome tilbake. Evangeliet når verda rundt.
Gjenkomsten er delt i 2 avdelingar. Første avdeling er mellom anna omtala i desse versa:

 

1 Tess 4,13-17:

13 Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dei som er avsovna; for de skal ikkje syrgja som dei andre, dei som er utan von.

14 For så sant vi trur at Jesus døydde og stod opp, så skal òg Gud ved Jesus føra dei avsovna saman med han. 15 Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som no lever og vert att til dess Herren kjem, skal ikkje koma i førevegen for dei som er avsovna.

16 For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen. Og dei som døydde i trua på Kristus, skal fyrst stå opp.

17 Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren.

 

1 Kor: 15,51-52:

51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte,

52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte.

 

1 Kor: 15,22-25

22 For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.

23 Men kvar til si tid: Kristus er den fyrste; deretter fylgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem.

24 Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, Faderen, etter at han har gjort ende på all makt og alt herredøme og velde.

25 For han skal vera konge til Gud har «lagt alle fiendar under hans føter». Kristus er førstegrøden. Nådens tidshusholdning.

Bortrykkinga kan delast i fem fasar:
1-bortrykking
2-opprykking
3-herleggjering
4-triumf
5-sæle/"salighet"

Bortrykkinga kan forklarast på ulike måtar. Det vert til dømes skildra som at vi rykkast opp, vert gripne raskt, eller til og med røva med vald, fridd ut av fortaping. I eit heftig angrep rivast/rykkast vi opp.

 

1 Tess: 4,17  

17 Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren.

 

Ap.gj. 23,9-10  

9 No vart det mykje skrik, og nokre av dei skriftlærde frå farisearflokken reiste seg og la sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hjå denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?»

10 Striden vart så hard at kommandanten ottast dei kunne slita Paulus sund. Difor baud han soldatane gå ned og riva han ut or hendene deira og føra han inn i borga.


Ef: 6,12. 

12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 


Jes: 40,26

26 Lyft augo mot det høge og sjå: Kven var det som skapte desse? Han som mønstrar deira hær og fører dei ut
og nemner dei alle med namn. Hans kraft er så stor og hans styrke så veldig at det vantar ikkje ein.


Andre del av Jesu gjenkomst:  Jesus skal sette føtene sine på Oljeberget.


Sak:14,1-9.

1 Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.
2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp.

4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør. 5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.
6 Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar.

7 Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost.

8 Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.
 9 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste.


Første del av Jesu gjenkomst er skildra i 1Tess. 4, medan Sak. 14 handlar om andre del av Jesu gjenkomst.  

NB! Det er viktig at du er Reiseklar. Alle, som trur/er Frelst/ høyrer Han til, er reiseklare. Vi kan alle gle oss over at vi får vere der Han er. Sjå berre i Joh. 1.12
 

Joh 1,12 

12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.

 

Joh 14,1-3 
1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!

2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk.

3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.

Vi er alle frelste syndarar - av berre nåde.

 

 Ref.: Marita N. Giske.