Kurt Urhaug

Valderøykvartetten.
Valderøykvartetten.

Spør fuglane under himmelen.

Møteveka med Kurt Urhaug vart avslutta med søndagsmøte kl 17.00. Det vart ei god samling med mange barnefamiliar, og godt med unge og eldre. Familiekoret, med Grete Velsvik Walderhaug i dirigentrolla, deltok med frisk song. Vi fekk også høyre Julie Walderhaug & Maria Folde i duettsong, akkompagnert av Kristian Walderhaug ved pianoet.

Kurt Urhaug tok oss så med inn i temaet sitt for møteveka: "Spør fuglane under himmelen" frå Job 12,7. Silje Tomren Strandman og Anna Bjørnerem song to fine songar etter talen og så var det kaffi og enkel servering.

 

Litt glimt og inntrykk frå denne møteveka:

Tidlegare i veka har vi fått høyre song av Anbjørn Walderhaug på tirsdag, Valderøykvartetten på torsdag, ASAF-koret på fredag og Adonai på laurdagskvelden.

Fredagskvelden fekk vi også eit innslag med takk for dugnadsinnsatsen frå IM-styret, representert ved Karen Randi. Ho takka alle for god dugnadsinnsats og støtte til oppussinga av storesalen. Hans Louis Valderhaug fekk blomster for leiing av oppussingsarbeidet. Etterpå inviterte styret på stor "Takk for dugnadsinnsatsen - kake" og kaffi, noko som fall i god smak! 

I siste del av møtet laurdag fekk vi eit innslag av elevar frå Bildøy Bibelskule. 10 elevar deltok i møtet der elevane Vilde, Mathilde og Bjørnar fortalde om bibelskulen i Bergen som nyleg runda 125 år. Dei informerte også om bygget på Bildøy som no er under storrenovering etter 30 års bruk. Ein kollekt vart samla inn og desse flotte ungdomane deltok så vidare saman med nyerektoren på Bildøy Bibelskule, Gunnar Ferstad, på Ungdomskvelden etter kveldsmøtet.

Ei "ekte" møteveke frå tirsdag til søndag der temaet har vore "Spør fuglane under himmelen". Fuglane viser oss mellom anna Gud si forunderlege skaparkraft, korleis Gud ser til fuglane og kor mykje vi kan lære av fuglane som nemnast i Guds ord. Dua og ramna, spurven, storken, ugla, høna, ørna, vaktlane, rapphøna og strutsen "fekk mikrofonen", og fortalte oss om sine liv under himmelen - flygande vitne om at det er Herren si hand som har skapt og syt for at dei har det dei treng for livet. Og kor mykje meir ser ikkje Gud til oss menneskeborna.


Med bra frammøte til møta, godt med song, og forkynning frå eit levande og kraftig Guds ord, er det eit håp om at møta kan hjelpe nokon til å løfte blikket og få sjå meir av Jesus. Han veit også om nokon av dei som kom til møta eller dei som høyrde på nettradioen, tok imot Jesus som sin frelsar. Møteveka vart avrunda med orda i  Es 40,31: "Men dei som ventar på Herren, får ny kraft. Dei løftar vengene som ørner. Dei spring og blir ikkje utmatta, dei gjeng og blir ikkje trøytte."

 

Møta vart sendt direkte på nettradioen via websida, vår og her finn du også opptak frå møta.

 

Harry Valderhaug.