Ole K. Iglebæk 2. og 3. februar 2013

Møter ved Iglebæk, og song av Mette og Roger Sørensen.

Laurdagskvelden og søndag formiddag var det møter med Ole Kristian Iglebæk og sangduoen Mette & Roger Sørensen. Vi fekk høyre både god og innbydande song av alle tre, og forkynning som gjorde møta til eit møte med Jesus.
 
Ole Kristian talte laurdag om Jesu kjærleik til folket, og om hans møte med og spørsmål til den blinde mannen om "kva kan eg gjere for deg?"
Søndag fekk vi høyre frå Joh. 12, 1-4 om Jesus i Betania.
1 Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde.
2 Der heldt dei eit festmåltid for han. Marta var tenar, og Lasarus var ein av dei som låg til bords med han.
3 Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen.
4 Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik Jesus .....
 
Ole Kristian tok fram 3 ting frå orda i Joh. 12:  Jesu plass hjå meg og deg, Jesu plass i familiane og heimane våre, og Jesu plass i vår forsamling. Begge møta vart avslutta med forbøn for forsamlinga og einskilde. Det vart og invitert til frelse.
 
Vi takkar for to gode samlingar i helga saman med Mette & Roger og Ole Kristian, og ynskjer velsigning vidare over deira teneste med å dele sin song og sine vitnemål om Jesus vidare ut.
 
Harry Valderhaug