September 2012

Oppdatering frå Nate og Gunnhild.

Framfor ei ny 3 års periode

Etter at vi i august leverte inn dei siste oppgåvene på mastergradsstudier i Canada står vi no framfor ei ny 3 års-periode i Aust-afrika. Det første året vil vi bruke tid på opplæring av omsetjingsmedarbeidarar, bli kjent med kyrkjelydane i språkområdet og drive språkanalyse. Når vi har eit omsetjingsteam på plass, byrjar omsejtinga av Lukasevangeliet. Det er mange trinn i denne prosessen: å finne gode ord og vendingar som gjengir tydinga i grunnteksten, kvalitetssjekk ved at folk frå språkgruppa les gjennom teksten, og til sist redigering og gjennomgang av teksten i lag med konsulentar. Det er ikkje nok å ha ein tekst omsett, den skal også nå ut til folket! Det tredje året håper vi å gjere eit opptak av Lukasevangeliet og spreie lydfilene ved hjelp av mobiltelefonar, kassettar og kanskje radio. Jesusfilmen, som er basert på Lukasevangeliet er og eit godt alternativ til å spreie den gode bodskapen om Jesus.



Ei bøn for folket vi arbeider blant

Ein søndag i sommar var Sakarjas lovsong brukt under forbøna i gudstenesta, og orda i lovsongen vart gjort om til bøner for folket i byen. Tankane mine gjekk til folket vi arbeider blant og eg ba likedan for dei, at Herren måtte sende noko som kan rydde vegen slik at folket kan få høyre dei gode nyheitene om frelse, fred og evig liv. Vil du og hugse på dei i bøn, og be om at desse orda kan bli realitet for folket.

 

Lukas 1, 76-79 ?

76 Og du, barn, skal kallast profet for Den Høgste, for du skal gå fram føre Herren
og rydja veg for han
 77 og læra folket hans å kjenna frelsa, at syndene deira vert tilgjevne,
 78 for vår Gud er rik på miskunn. Så skal ljoset frå det høge gjesta oss som ei solrenning
 79 og skina for dei som bur i mørker og dødsskugge, og styra føtene våre inn på freds veg.