Desember 2013

Adventshelsing frå Gunnhild og Nate

Sorgen og gleda dei vandrar i hopes – denne strofa set ord på korleis dei siste vekene har vore for oss. Vi har møtt store utfordringar, men og hatt uforgløymelege høgdepunkt.

Historisk prosjektavtale

I slutten av november tok vi del i ein historisk augneblink då den nyforma, tverrkyrkjelege omsetjingskomiteen frå Fabash-folket1 skreiv under prosjektavtale om bibelomsetjingsarbeid i språket deira. Det var for tre år sidan at vi i den same kyrkja fekk høyre deira innstendige ynskje om å få evangeliet omsett til deira språk. No fekk vi vere vitne til at prosjektet endeleg kom i gang. Det var stort å få dele gleda deira over at dei utrøyttelege bønene deira no var høyrde. Dette omsetjingsarbeidet er eit samarbeid mellom dei lokale kyrkjene i språkområdet, eit regionalt kyrkjekontor som tek ansvar for den administrative delen, samt eit nasjonalt, tverrkyrkjeleg bibelomsetjingsorgan. Den økonomiske biten kjem delvis frå våre støttespelarar og frå ein amerikansk givarorganisasjon. Prosjektet er slik eit bilete på korleis kyrkja kjem saman med sine ulike gåver og saman gjer Guds ord tilgjengeleg for nye folkegrupper.

Ein strabasiøs tur

Etter at prosjektavtalen var underteikna byrja vi oppstemte reisa tilbake til hovudstaden. Kontrasten vart stor då vi nokre timar seinare vart utsett for ei bilulykke. Føraren av motorsykkelen som var involvert i ulykka vart hardt skada. På grunn av lokale forhold som vi ikkje kan gå inn på her vart Nate heldt i varetekt i det lokale fengselet i seks dagar. Saka står på vent inntil vidare. Parallelt med det offentlege rettssystemet opererer det tradisjonelle eldste-systemet. Dei arbeider no for at partane i ulykka skal bli forsona med kvarandre, og at dei som er såra får den hjelpa dei treng for å bli friske. Her er skuldspørsmålet sekundært. Dette er ukjent terreng for oss, og vi føler oss sårbare som utlendingar. Vi vil gjerne følgje dei kulturelle spelereglane, men veit og at vi kan bli utnytta i denne situasjonen. Heldigvis står vi i ikkje åleine og er takknemlege for gode lokale personar som hjelper oss i dette.

Juleforteljingane

Vi har lenge delt bøneemnet om å omsetje juleforteljinga før jul. Heldigvis for oss følgjer kyrkjene her den ortodokse kalenderen med julefeiring 7. januar. Dermed har vi i underkant ein månad til å få juleforteljingane klare til høgtida. Dei lokale medarbeidarane våre kjem til kontora våre 18. desember. Då skal vi arbeide med historiene rundt fødslane av både døyparen Johannes og Jesus frå Lukas kap. 1 og 2. Forteljingane skal vi ta opp og lagre på minnebrikker slik at dei kan spelast av på mobiltelefonar. Dette testa vi ut i haust då vi tok opp enkle historier frå Jesu liv. På turen vår i vest fekk vi høyre at mange har lytta til historiene. No ser vi fram imot at enda fleire forteljingar vert tilgjengelege på Fabash språket.

Advent

Det er adventstid, og ventetid. I dagane Nate sat i varetekt venta vi dagleg på at han skulle få gå fri. I denne ventetida har vi bedt mykje rundt bøna La ditt rike kome –vi har bedt om at fredsriket, rettferdsriket, og kjærleiksriket skal kome inn i situasjonane som vi har vore i, og i systemet som vi har støytt opp imot. Bønene våre har og gått til dei marginaliserte i dette landet, som ofte ikkje har ei stemme. Denne lille smakebiten gav oss større empati for dei vi arbeider blant, som ikkje sjeldan står ovanfor vanskelege situasjonar. Denne episoda har og knytt oss nærare kyrkja vi arbeider iblant. Vi har vorte rikt velsigna av omsorg og støtte frå mange lokale kristne. Dei har bistått med råd og veiledning, kome på besøk og oppmuntra oss gjennom bøn og telefonsamtaler. Nokre dagar har vi følt oss mismodige, men vi har ikkje gløymt håpet vi har no i adventstida: Han som ein gang kom, kjem igjen stadig i våre situasjonar, og skal ein gong kome igjen og gjere allting godt.

Vi ynskjer dåkke fortsatt God Advent og ei God Jul.

Gunnhild og Nate

1 Fabash er eit pseudonym