Januar 2013

Etiopisk julebrev frå Gunnhild & Nate
På plass i Vest Etiopia
Gud har gått føre oss
”Vårt evangelium er gode nyhende, kven skal vi no frykte?” Denne strofelinja er henta frå song som vi høyrde Fabashfolket* synge på sitt eige morsmål. Songen fortel om deira respons til den bodskapen som evangelistane frå nabofolket fortalde, om at Jesus er sterkare enn døden og åndskreftene. Tidlegare var det mykje frykt blant dei, relatert til sjukdom, svolt, og undertrykking. No har dei opplevd at Gud har kome nær dei og sett dei fri frå denne frykta. Likevel føler dei at noko manglar, nemleg Guds Ord på deira eige språk. No bruker dei regionspråket til kristne formål, men dei ser fram imot den dagen dei får ta del i pinsedagunderet, og slik som folket i Jerusalem få høyre Gud tale om sine storverk på deira eige morsmål.
2 veker i vest
Vi hadde mange spørsmål då vi tok turen vestover: Korleis ville regionsleiarane ta imot oss? Var folket fortsatt interesert i å få evangeliet på sitt språk? Vi såg særlig fram mot å få møte forsamlinga i dalen som hadde uttrykt eit sterkt ønskje om eit omsetjingsarbeid to år tidlegare. Det var stort å få delta på gudsteneste ilag med dei og høyre at iveren etter å få evangeliet omsett til deira språk ikkje hadde slokna. Vidare kunne dei regionale kyrkjeleiarane fortelje at dei no hadde prioritert å nå ut til Fabash-folket så dette var ei særs god tid å byrje bibelomsetting på, slik at det kan danne grunnlaget for kyrkjebyggingsarbeidet blant folket. Vi føler at vi står i eit Kairos-øyeblikk - den fullkomne tida - i tid som Gud har førebudd for Fabashfolket*. Kollegaer før oss har lagt fundamentet med språkarbeid i nabodialekta som vi kan gjere oss nytte av, og kyrkja er klar. Det er stort å stå i eit slikt arbeid, men vi kjenner oss også små i møte med utfordringar og krevande bu– og arbeidsforhold.
Vidare framover
I byrjinga av januar skal vi og leiarane i organisasjonen ha langtidsstrategimøte for regionen. Det er fleire unådde minoritetsspråk som treng språkanalyse, lese-og skriveopplæring, og ikkje minst bibelomsetjing. Vi håper å samkøyre prosjekta med tanke på søknadar for økonomisk stønad, personell, språkverkstadar. Vi fortset med språk- og kulturanalyse i området, og håper i løpet av februar-mars å ha møte med dei to kyrkjesamfunna i området om formell oppstart av arbeidet, samt utveljing av omsetjarar. Vi håper å sende 3-5 personar på eit sommarkurs i hovudstaden i Innføring i Omsetjing.
Målet vårt er å byrje omsetjingsarbeidet i september med å delta på ein språkverkstad for nye team. Kanskje får vi klart juleevangeliet til neste jul?
*Fabash er eit pseudonym.


