Gunnhild og Nate

Wycliff

Gunnhild og Nate er utsendingar for Wycliffe i Etiopia. Gunnhild vaks opp på Valderøya og møtte Nate, som er frå USA, ved ein bibelskule i Sør Afrika. Dei siste tre åra har dei budd og arbeidd i Etiopia og lært både det nasjonale språket og minoritetspråket Fabash*, slik at dei i samarbeid med kyrkjene der kan gjere bibeldelar tilgjengelege for denne minoritetsgruppa. Dette er i tråd med organisasjonen Wycliffe-bibelomsetjarane sin visjon om at alle språk, som har behov for bibelen på deira eige språk, skal få eit slikt prosjekt oppstarta innan 2025. I tillegg arbeider organisasjonen med lese-og skrive- opplæring og språkutvikling. 

*Fabash er eit synonym