Desember 2012

Julerefleksjonar
Julerefleksjonar
Ting går ikkje alltid som planlagt her vi no bur. Slik vart det og med denne førjulstida. I byrjinga av desember reiste vi på ein planleggingstur for oppstart av bibelomsetjingsprosjektet vi er med på. Før turen hadde eg tenkt ut korleis vi skulle bu når vi var der og kva vi skulle ha med. På den store kyrkjetomta er der eit flott gjestehus der vi kunne styre oss sjølve, og eit flott grøntområde. Men dette huset var diverre ikkje tilgjengeleg, og vi måtte nøye oss med ein enkel hybel utan kjøkken og med utedo. På toppen av det heile, i forkavinga med å pakke og komme seg ut av døra i gryotta i Addis, gløymde eg snopet og julekakene som vi hadde tatt med oss frå Norge, som vi skulle kose oss med i adventstida. Det var fristande å sende nokre klagesukk oppover over stoda som vi no var komne i. Men eg tok meg i det, for i denne adventstida har eg tenkt på Maria. For henne gjekk heller ikkje ting som planlagt. Å bli gravid utan å vere gift var nok ikkje heilt slik ho hadde sett føre seg at familielivet skulle byrje. Ei heller å skulle føde langt frå mor si, og eller andre fødselsmedhjelparar. Attpåtil måtte dei ta til takke med husrom ilag med dyra. Var det slik verda sin frelser skulle fødast? Sjølv om eg rynka litt på nasen over butilhøva, så hadde Maria det verre. Dolly Parton sin julesang «Once Upon A Christmas» (Ein gong i juletida) er skildrande for scena som utspant seg då Maria fødde.
Ein gong i juletid
i ei krybbe langt av sted
ein konge er fødd
og palasset hans er ei krybbe med høy
hans kongekappe er gamle tøystykke.
Jesus vart fødd under svært enkle kår, og han ga avkall på mykje. Mine korte erfaringar av enkle kår er ikkje mykje når ein samanliknar det med kva Jesus opplevde. Tanken slo meg når eg høyrde Dolly Parton sin julesong, at denne førsjulstida, som vart ribba for norsk julekos, kanskje var ei bra påminning om kva jula eigentleg dreiar seg om?
Ilag med nokre nordmenn no før advent har vi spurt oss sjølve om dette. Når advent og førjulstida kjem utan dei vante rituala og kosen, kva står då att? Vi får hjelp til dette spørsmålet i bibeltekstane som vert leste i kyrkja i adventstida. Siste søndagen før advent les vi om Jesus som skal kome igjen som ein rettferdig konge. Hans andre kome er bakteppet for adventstida, der vi minnast første gongen Jesus kom. Vi feirar ikkje berre ei hending som skjedde for lenge sidan, men vi ser fram imot ei hending i framtida og førebur oss på at Jesus skal kome igjen. Adventstida har og ein tredje dimensjon - Jesus kjem til oss idag. Profeten Johannes fekk oppdraget å førebu Jesus sitt komme, som vi les om Sakarias' profeti i Lukasevangeliet. Det er ord som eg ofte kjem tilbake til no når vi no er i oppstartsfasa av bibelomsetjingsarbeidet her.
”Og du barn skal kallast profet for Den Høgste, for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar og læra folket hans å kjenna frelsa når deira synder blir tilgjevne, for vår Gud er rik på miskunn. Slik skal lyset fra det høge gjeste oss som ein soloppgang og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge, og styra våre føter inn på fredens veg. ” Luk 2,76 ff.
Jesus kjem til oss fortsatt, ikkje berre slik han kom for lenge sidan. Kanskje det er vanskelegare for oss å få auge på freden Jesus tilbyr oss, vi som har høyrt desse nyhetene mange gongar. Men for eit folk, som nettopp har vendt seg til Jesus, er kontrastane store mellom livet før og etter dei vart kjent med Jesus. Då levde folk i frykt for å ha neglisjert åndsmaktene slik at det vart sjukdom, dårlege haustar og død blant folket. Ein kristen frå folkegruppa som vi arbeider blant oppsummerte det på denne måten etter å ha fortalt om frykta som folket konstant levde under – ”det var ingen kjærleik i dette”. Kor stor forskjell det er då når ein får bli kjent med Jesus. Som ikkje krev dyre gåver, men kom og gav seg sjølv slik at vi skulle ha fred og liv. Det er ikkje nødvendigvis eit liv utan motgang. Det er jo livet til Maria eit godt eksempel på. Men ho bar på han som skulle kallast Immanuel – Gud med oss. I dette livet er det alltid nokon som går med oss, som står i ein relasjon med oss. Jesus fortel i Johannes 10 at han kom for at vi skulle ha liv, ja liv i overflod. Eg tenker meg at det betyr eit rikt liv, og eit meiningsfylt liv. Eit liv der Jesus er den som leier oss til fred, og overflod, sjølv når vi kjenner på mørke og død. Maria vart gitt eit oppdrag, ho skulle få bere fram verda sin frelsar og gi han omsorg og kjærleik. Det var ei meiningsfull oppgåve, men og knytt til fare og smerte. Først ville kong Herodes drepe barnet, og i vaksen alder var det og mange som stod Jesus etter livet. Til slutt måtte Maria gå gjennom den smertefulle opplevinga å sjå sonen sin brutalt henretta. Var det verdt det, kan ein våge å spøre? Ja, ville nok Maria seie, det var verdt det. For frå eitt menneske sin død, vart det liv for ei heil menneskeslekt. Og Maria fekk spele ei lita rolle i det store mysteriet, at Gud vart menneske for å frelse oss.
I den første adventsgudstenesta spurde presten om kva ordet advent betydde. Ei lita jente rekte opp handa, og utan samanheng ellers med spørsmålet som presten hadde stilt, spurde ho kvifor vi fekk gåver og ikkje Jesus når det trass alt var hans fødselsdag vi feira i jula. Det er eit godt spørsmål, og passar godt med refleksjonen rundt meininga med advent og jul. Jesus kjem no til oss, som vår bror, vår ven og som vår konge. Gåva vi kan gje Jesus er først og fremst å seie ja til han, og ta imot den utstrakte venskapshanda han tilbyr oss. Eit godt føredøme på eit liv der ein seier ja til Jesus er Maria sitt. Då ho fekk oppdraget med å bere fram Jesus svara ho:
Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. La det gå meg som du har sagt Luk. 1:37.
Å seie ja til Jesus, er å gi tilbake av livet vårt som vi først har fått frå Han. Så enkelt, men likevel ei vanskelig oppgåve. Men kjem vi til han, får vi liv og fred. Det var difor Han kom.
Ha ei velsigna julehøgtid.
Gunnhild