Lydutstyr til Ghana
Etter fleireårig indremisjonsteneste vart lydutstyret innhenta av nye norske frekvenskrav og lydutstyret fekk eit ublidt møte med desse kjedelege pappkassene. "Å ligge der tener no verken na Rønneberg eller misjonen, so no he dei røyst seg or pappkassene, rista av seg støvet og snutt "kyrkjehua" mot den store verda. Dei nytta ei glipe i overgongsvindauget og har no meldt overgang frå indre- til ytremisjonstjeneste." Takk til Bjørn Tomren, lokal primus motor for å få desse lydlagarane ut på nye oppdrag via gode misjonsbrødre i Kristiansand.
Om Ghana:
I 2006 var ein gjeng med vener frå Kristiansand på tur i Kumasi, som ligg i regnskoggrensa midt i Ghana. Kumasi er eit fattig område. Dei vitja ein kyrkjelyd som heldt gudsteneste under eit bølgjeblekktak. Dei hadde tidlegare eit forsamlingslokale som hadde blitt øydelagt i eit uver.
Ein av desse venane frå Kristiansand vart 60 år i 2008. Han ville ikkje ha personlege gåver, men ønskte pengar som kunne nyttast til startkapital for å få reist eit nytt kyrkjebygg for kyrkjelyden i Kumasi. Gåvene resulterte i ein sum på om lag 30.000 norske kroner. Etterkvart har fleire hengt seg på denne, både i form av basar og andre tiltak. Totalt har dei no fått inn om lag 400 000 kroner. Kyrkja er no bygd, og vart innvigd for eitt år sidan.
I 2014 var Helge og Svanhild Johannesen, og eit anna par, der nede med ei gåve, høgtalaranlegg. Dei merka seg at mikrofonar med ledning var lite tenlege. Bjørn T. fangar opp dette, og han ser eit bedre alternativ enn å skrote kvartetten sitt utrangerte "inear"-utstyr og mikrofonane frå 2007. 16. mai sendte Bjørn T. 19 kilo utstyr til Kristiansand, 3 trådløssystem frå bedehuset og 6 "inear"-system frå kvartetten.
Dei som står bak i Kristiansand er ein venegjeng på omlag 20 personar frå ulike forsamlingar, bedehus, frikirke, pinsemenighet og fleire andre. Ein pastor i Mandal er sentral i dette arbeidet.