Utreisefest for familien Nordstrand - 1. pinsedag

Familien Nordstrand.
Familien Nordstrand.

Elisabeth og Sven Jakob Nordstrand reiser i august til Kenya, saman med borna Lucas (4 år) og Noah (1 år).

Elisabeth skal jobbe som lærar ved den norske skulen i Nairobi. Sven startar perioden med ti veker pappapermisjon. Familien vert utsendingar for Norsk Luthersk Misjonssamband.

 

Det vert utreisefest på Valderøy bedehus søndag 9. juni kl 1730. Regionleiar Jon Ove Holen talar, det vert også forbøn for utsendingane og servering.

 

Alle er velkomne.