Tilbake til «Hjem»

FOKUS ! Fredag 20.febr kl 21.00 - Gjest: Johnn Hardang - og du!

Fredag 20.februar er det dags for første FOKUS-samling på ei stund. Johnn Hardang er gjest og vil dele tanker omkring temaet "Motstraumfoket - om det å våge å vere annaleis". Etter Johnn sitt innlegg blir det samtale om temaet rundt borda og ei kort oppsummering. Velkomne - spesielt du mellom ca 20 og 40 år!

Møtehelg m/ Johnn Hardang 20.-22.febr

Radiopastor og P7-leiar Johnn Hardang besøker oss og har som tema for møta: "Sjå, eg kjem snart" frå Åp 21-22. Med eit særs aktuelt tema og ein taler som har stått i ei kristen lærar-, forkynnar og radiomisjonteneste i fleire 10 år , ber vi om at folk kjem seg til møta og at vi får eit møte med Jesus både i tale, sang og fellesskap.

Bibeldagen 29.jan! Besøk frå Bibelselskapa i Norge/Egypt. Sang v/Merete & Dag Filip Roaldsnes...

Denne kvelden får vi besøk frå den koptiske kyrkja i Egypt. Nashat Megalaa , kommunikasjonsleiar i Bibelselskapet i Egypt, kjem ilag med Bernt Olsen frå Det Norske Bibelselskapet. Vi får høyre om bibelprosjektet 2015 av Bernt G. Olsen og om det store arbeidet - "bibler til Egypt" - som dei driv med i kyrkjene i Egypt. Nashal Megalaa held andakt. Sang v/Merete & Dag Filip Roaldsnes . Kollekt til Det Norske Bibelselkapet. Sjå meir på www.bibeldagen.no
Velkomne til eit spennende møte !
Fellesarr. v/Valderøy im og kyrkje
Lokfører Arnvid og søndaggskuletoget -

Adventfest m/ 110-års jubileum og takk til Arnvid Lervik i Valderøy Søndagsskule

Søndag var det Adventfest, inkl ubileum for Valderøy Søndagsskule sine 110 år og takk til Arnvid Lervik som har vore med i Valderøy Søndagsskule sidan 1970 og frå 1983 som leiar. Ved adventfesten fekk vi i tillegg til jubileumsmarkering og takk til Arnvid, høyre andakt ved Anders Bjørnerem og...

Møter m/Eivind Flå , KMM

Laurdag 13.des og søndag 14.des kan du høyre Eivind Flå tale; på laurdag er Eivind med på møta i Valderøy bedehus kl 18.00 og kl 19.30 og søndag i Vigra bedehus kl 11.00 . Laurdag blir Havlys med og syng på kveldsmøtet.

Årsmelding 2014 Valderøy IM

Her er ein kopi av årsmeldinga frå Valderøy IM som vart godkjent ved Valderøy IM sitt årsmøte den 29.nov 2014. Det var eit ønske om å legge denne ut på heimesida til Valderøy bedehus . Her kan du lese meldinga. Meir om årsmøte finn du i eigen artikkel på heimesida.

Adventsfest kl 12.00 - tolv - på søndag 7.des

Søndag 7.des kl 12.00 er det adventsfest i regi av Søndagsskulen og IUF. Her blir det også markering av Valderøy Søndagsskule sine 110 år og Arnvid sine 30år som leiar for søndagsskulen.

Willy Sæther

Bibeltime v/Willy Sæther 14-15 november 2014
Tema: Glimt frå Apostelgjerningene

Bibeltimer & samtale m/ Willy Sæther i helga

Velkomne til bibeltimer og samtale fredag 14.nov og laurdag 15.nov. Her vil Willy Sæther ha bibeltimer med temaet "Glimt frå Apostelgjerningene" og vi vil gjerne få til samtale både fredag og laurdag om temaet.

« Nyere nyheter|Eldre nyheter »