Ørsta Frikyrkjekor med Trygve Bjerkreim-kantate

Sist laurdag kveld fekk vi kantate på bedehuset, framførd av Ørsta Frikyrkjekor under leiing av Knut Ose. Både i ord og toner kring Trygve Bjerkreim sine sangskattar fekk vi bli med både "bak" songane og høyre korleis dikta til Bjerkreim lyfta seg mot himmelen med dei flotte arrangementa/melodiane som dikta er "vengja med".

Ja, "vengja med" - det var det Trygve Bjerkreim omtala det å tonesette dikta som iflg tekstlesingane mellom songane i kantata: Dikta er som fuglar utan vengjer. Når dikta får tonar er det som fuglane får vengjer og kan flyge avstad. Då¨lyfter dei seg mot himmelen og fær av stad videre til andre. Nokonlunde slik ordla Trygve seg eingong om dette fekk vi høyre.

 

Trygve Bjerkreim sitt liv og sine dikt og songar stod fokus i kantata Ørsta Frikyrkjekor framførde laurdag kveld. "Det strøymer ei livselv av lukke" er namnet på denne kantata, og vi fekk framførd mange både kjende og kjære, men også nokre mindre kjende songar av Trygve Bjerkreim.

Trygve fekk fleire gongar spørsmål om kva for ei av sine songar han likte best. Han venta med å svare til han var 95 år - då kom svaret: "Takk at du tok mine byrder" .

 

Det vart ein fin kveld der vi fekk høyre songar med Trygve sitt preg av himmelvendte tekstar, med håp og med den sentrale bodskapen om ein Frelsar som elsker menneske og ga sitt liv for at alle som tek imot skal få dette  himmelsk håpet i sitt liv. God framføring av Ørsta Frikyrkjekor under stødig direksjon av Knut Ose - ein røynde, kjende og kjære musikalsk leiar innan kristen song og musikkliv på Sunnmøre.

 

Møteleiar for kvelden var Anbjørn Walderhaug, og etter han hadde takka for ei god songstund og fin framføring frå koret, inviterte han dei frammøtte til å få med seg matservering/kaffistund og tid for samtale attpå. Det også vart godt motteke.

 

ref./ bilde : Harry V.