Bibeldagen 29.jan! Besøk frå Bibelselskapa i Norge/Egypt. Sang v/Merete & Dag Filip Roaldsnes...

Denne kvelden får vi besøk frå den koptiske kyrkja i Egypt. Nashat Megalaa , kommunikasjonsleiar i Bibelselskapet i Egypt, kjem ilag med Bernt Olsen frå Det Norske Bibelselskapet. Vi får høyre om bibelprosjektet 2015 av Bernt G. Olsen og om det store arbeidet - "bibler til Egypt" - som dei driv med i kyrkjene i Egypt. Nashal Megalaa held andakt. Sang v/Merete & Dag Filip Roaldsnes . Kollekt til Det Norske Bibelselkapet. Sjå meir på www.bibeldagen.no
Velkomne til eit spennende møte !
Fellesarr. v/Valderøy im og kyrkje
Bibeldagen 2015 -
Den eldgamle koptiske kyrkja i Egypt har dei siste åra opplevd ei sterk bibelvekking. Dei kristne elskar Bibelen og mange tek kvar veke del i bibeltimar og bibelgrupper.
Men mange vaksne har ikkje høve til å lese i Bibelen. «Eg pleidde grete når eg opna Bibelen,» fortel ei ung mor. Over 30 prosent av vaksne egyptarar kan ikkje lese: Dei fleste av desse er kvinner. Gjennom leseopplæring med Bibelen får dei både sjølvrespekt og høve til å lese i Bibelen.
Egypt er det landet i Midtausten som har flest kristne. Bibelselskapet i Egypt når kvart år 100 000 skuleborn med illustrerte biblar og 500 000 born med kristent materiell. På Bibeldagen i 2015 kan vi vere med å stø dette viktige arbeidet.
Under Bibeldagen 2015 stør vi:
Bibelutdeling til born i skular og kyrkjer
Leseopplæring med Bibelen for vaksne
Å gjere Bibelen tilgjengeleg i bibelbutikkar over heile Egypt
Biblar til bibelstudiegrupper i den koptiske kyrkja
Velkomen til samlinga i Valderøy bedehus torsdag 31.januar kl 19.30 .
Arr. Valderøy IM & Valderøy Kyrkje