Vårens vakraste dugnad
Så var dugnaden gjort for denne gong. (28.04.2012.)
Vårens dugnad vart prega av sørvest-kuling med snøkave og vinterkjensle. Trass dårlig utevêr var det likevel mellom 15 og 20 stk som deltok på INNE-dugnad.
Vi fekk reparert alle sofagruppene i kjellerstua, fiksa kjøkkenskuffer og tatt sørvis på alle stolane i hovedsalen. Elektrisk utstyr blei sjekka ut, inkl skifting av lysrør og servis på nødlys.
Vasking og rydding sto også på programmet.
Nokre tok også på seg arbeid med å fikse ein del stolryggstøtter, og nokre vil ta igjen stell ute når vêret minner meir om vår og sol.
Det var også ei fin grautaykt og god prat i gjengen. Trur vi alle synest det var kjekt på dugnaden.
Harry Valderhaug / IM.
Dugnad på bedehuset frå kl. 1000
Dato
Sted
Her er ei lita "Å gjere"-liste.
Utomhus-arbeid:
- Plenområdet på austsida skal fiffast opp. Jarnrive og trillebår trengst til dette arbeidet. Vi vil prøve å planere ut mot vegen (får tilkøyrt mold) og stelle kantar mot veg m.m.
- Stelle til og "mølde" opp nedom nedste innkøyrsla.
- Spyle platter, heller og veggar - inkl vaske vindauge (trykkspylar trengst).
- Stelle ved hovudinngangen/trappa. Fjerne restar av gjerde.
- Ugrasluking og rydding rundt eigedomen.
- Sole oss kanskje?
Innomhus-arbeid:
- Brakoskruing for å "teite te" pute/ryggplate på stolar i hovudsal (drill med "brakobits"?)
- Rydde ut boss, skrot, gamle ting (piano) osv. Har du meiningar om kva IKKJE må kaste, so møt opp, her kan det bli for seint.
- Blandebatteri er klart for montering (avklare med kyndige).
- Rydd/vask skuffer, skap, krok og "kræ" og vindauge.
- Fikse litt.
- Reparere bord som har fått køyrt seg og er litt "riglete" og lause i festa (lim, drill, skruar)
Mat og drikke - servering:
Er her andre ting du meiner vi bør gjere på dugnaden, so gje eit vink til husnemnda.


