Valderøykvartetten markerte nærradioen sitt 30-års jubileum

Valderøykvartetten var vertskap for markeringa av nærradioen sitt 30-års jubileum.
Valderøykvartetten var vertskap for markeringa av nærradioen sitt 30-års jubileum.

Det var fullt hus då Valderøykvartetten inviterte til radiotreff på Valderøy bedehus laurdag 2. april i takksemd til radioane Radio New Life, Radio Nordvest og Radio Sunnmøre som saman utgjer FM101-samarbeidet.

 

Av Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

 

Over 300 menneske møtte fram då Valderøykvartetten inviterte heile Sunnmøre til Valderøy bedehus laurdag 2. april.  I 30 år har kvartetten sendt sin musikk på lokale nisjeradioar som Radio Sunnmøre, Radio Nordvest og Radio New Life, og ville med denne kvelden vise takksemd tilbake.

 

–  Vi har høyrt at ein av dei fyrste songane som vart spelt på Radio Sentrum (tidlegare Radio Sunnmøre) var ein song av Valderøykvartetten, seier Bjørn Tomren, bassist i kvartetten og konferansier for kvelden i opninga. I takksemd til radioane ville kvartetten denne kvelden samle sunnmøringane for å vise radioane at dei er satt pris på og ynskja.

 

Nytt sendeområde

Radio Sunnmøre, Radio Nordvest og Radio New Life utgjer frå gamalt av eit FM 101-samarbeid. Dette samarbeidet søkte hausten 2015 saman om ein teknisk konsesjon for det nye sendeområdet Stranda, Norddal, Liadal, Geiranger og Stordal. Kvar radio søkte sjølv innhaldskonsesjon og vidaresender programma ein sender elles på Sunnmøre.

Laurdagskvelden ynskja Valderøykvartetten at ein skulle få inn ei god gåve som kunne vere med å dekke utgiftene med å kome på lufta i det nye sendeområdet.

 

– Ein sendar kostar like mykje som vi har fått alt sendeutstyret til heile konsesjonsområdet for, fortel Jon Hildre i teknisk komité frå scena.

Radiosamarbeidet har hatt ein teknisk komite som har bestått av Jon Hildre, Bjørn Tomren og Arne Johan Helle. Desse tre har fått plassert sendarar og utstyr der dei må stå for at radioane skal kunne nå flest og lengst mogleg.

 

– Eg har sjølv vore på taket på Stranda rådhus for å rigge ned ei antenne, ler Hildre.

Hildre, Tomren og Helle vart takka av radiosamarbeidet ved Håkon Nilsen med blomar for det flotte og unike arbeidet dei har gjort og framleis gjer.

Og etter at det hadde vorte fortalt om arbeidet med å kome på lufta i det nye sendeområdet gav Tomren utfordringa vidare til dei frammøtte.

 

– Som dokke no har høyrt kostar det nær kr. 50 000,- å kome på lufta i det nye konsesjonsområdet. Kva med å vere med dekke inn dette i kveld, seier Tomren frå scena.

 

Det kom inn over kr. 36 000,- i gåve denne kvelden, noko radiosamarbeidet er svært takksame for.

 

Flott kveld

I tillegg til song av Valderøykvartetten, allsong, songandakt av Tor Rødseth og sceneintervju av dei tre radioane sine leiarar, så vart det heile avslutta med kaffi, kaker og prat. Ein flott kveld, med stort frammøte og ei flott gåve til arbeidet.

Høyr eit klipp frå intervjuet med dei tre daglege leiarane i FM101-samarbeidet, gjort av Torstein Walderhaug på scena:

 

http://radiosunnmore.no