Utan mat og drikke ....

Leif Reidar, Svein og Kåre rundt kaffebordet
Leif Reidar, Svein og Kåre rundt kaffebordet

Dugnadsgjeng i aktivitet

Det er mange trufaste som gjer ein god innsats for at vi skal bli ferdige med "prosjekt oppussing". Mykje målararbeid er utført. På galleriet har det blitt lagt nytt belegg i form av teppefliser. Slike fliser skal også leggast på golvet i salen, etter at det gamle belegget er fjerna. 

 

I desse dagar held vi på med arbeid i taket pga lekkasje, som ser ut til å ha kome etter at stormen Dagmar besøkte distriktet. I tillegg vert ny scene bygd opp. Mellom anna skal det byggjast rullestolrampe opp til scena, og ein god del rør skal strekkast under scena for installering av diverse kablar til lyd og bilete.

 

Dersom du har tid og lyst til å vere med i dugnadsarbeidet så er det, som ein av karane sa, plass til mange fleire.

 

Vanlegvis opnar vi dørene i 10-tida kvar dag frå måndag til laurdag. Du kan gjerne møte opp, eller evt ta kontakt med Hans Louis Valderhaug: E-post: hans valumin.no / eller send ein sms til mobil: 488 82 880. 

  • Ansvarlig for denne sidenRoy Mulelid
  • Opprettet