The Crist Family

Tirsdag 21. august kl. 1800. NB! Merk tida.

Songkveld & "Kveldser" m/ the Crist Family frå USA.
 
Frå kl 1800 - ca 2015 - konsert med The Crist Family (inkl. pause).
Frå ca kl 2030 - stor kveldsbuffè i kjellaren.
 
Gratis inngang. Kollekt til oppussingsarbeidet. I tillegg prøver vi med sal av matkupongar (kr 100/pers. - kr 200/fam.).
Overskot av "Songkveld & Kveldser"-arrangementet går til oppussingsarbeidet vi er i gong med i hovudsal og scene.
 
Alle er hjarteleg velkomne og vi opnar dørene ca kl 17.00.
Ta med deg ein ven, nabo, arbeidskollega, familie og litt kontantar til kollekten og mat.
 
Litt meir om the Crist Family og deira besøk i Noreg:
 
I tidsrommet 21. til 29. august vil gruppa ha konsertar langs kysten frå Ålesund i nord til Kristiansand i sør.

The Crist Family har seks medlemar. Det er ei gruppe som i løpet av få år har fått eit stort publikum både i USA og andre land. Dei starta i 1987 då dei song i lokale kyrkjer i Seattle, Washington. I 2004, etter sytten år i deltidsteneste, kalla Gud dei til heiltidsteneste. Dei selde  heimane sine og flytta til Knoxville i Tennessee.

Frå 2004 har Gud opna dører til å synge budskapet om Han for tusenvis av menneske. Dei har spelt inn seks CD og gitt ut to live-DVD. I 2009 vann dei den årlege "Singing News Fan Awards: Favorite Horizon Group".

 

På ein konsert med denne gruppa vil du få oppleve at dei seks medlemane syng både solo, duett, trio, kvartett og seksstemt harmoni. Du vil få høyre alt frå klassisk Southern gospel til salmar og meir moderne gospel.

 

Harry Valderhaug

 

  • Ansvarlig for denne sidenRoy Mulelid
  • Opprettet