Songkveld & kveldser

ForsangerteametFoto: Harry Valderhaug
The Crist Family
Årets "Songkveld og kveldser" i Valderøy bedehus saman med The Crist Family samla praktisk talt fullt hus tirsdag kveld. Det vart ei feststund av det sjeldne slaget. The Crist Family er: Tami Crist Starkel & John Starkel, saman med Lisa & Rich Crist og døtrene Breana & Jackie. Dei song seg rett inn i hjarterota denne kvelden. Både songtekstar, framføring og personlege og sterke vitnesbyrd om Jesus, verda sitt lys, sette eit tydeleg preg på kvelden. Vi fekk og høyre solosong frå Lucas (son til Tami Crist & John Starkel). Johan Halsne, Crist Family sin tourleder her i Norge, deltok med vitnesbyrd og bøn. Han minte oss om at Gud sa: "bli lys, og det vart lys" og at han sende Jesus, det sanne lyset, inn i ei mørklagd verd. "Eg er verda sitt lys" seier Jesus, og dei som tek imot han er lys i verda - der dei er og ferdast.
I avslutninga av songstunda fekk vi ei helsing frå ordføraren i Giske kommune, Knut Støbakk. Han takka for at The Crist Family vitja kommuna vår og overrekte dei boka "Fire øyar i havgapet". Han takka også for eit flott arrangement og tok imot utfordringa og stilte opp på fellessong ilag med The Crist Family og forsangerteamet for kvelden, (Celina V., Mathilde R., Mindor N. og Kjartan S. (sjå bilete)).

Konsertdelen av arrangementet vart avslutta på glitrande engelsk (ikkje av møteleiaren nei) med den kjende og fine songen "We shall overcome".
Etter songstunda i hovudsalen vart alle inviterte til ein "redige" kveldsbuffé i kjelleren. Eit stort telt ga plass til ein rikholdig buffè og resten av kvelden var det god mat og prat som var hovudingrediensane. Her vart det meir intervju med The Crist Family og dei fekk overrekt kvar sin sydvest av Marita N. Giske.
Om vi kan samle bygdafolket i kommuna vår til fullt hus på ein tirsdagskveld i Valderøy bedehus, då trur eg dette er noko folk set pris på og ynskjer meir av. "Dette gjor godt å vere med på" , "å du, ka fint det e med øyaengelsk" og "førr ein go mat" var nokre av dei mange positive kommentarane denne tirsdagskvelden.

Vi vil rette ein stor takk til alle som var med og laga til, eller kom og var med på samlinga "Songkveld & kveldser. Takk til deg som laga mat og for all støtte og innsats frå både øyafolk og lokale firma.
Takk også for kollektgåve og eit godt bidrag til oppussing av hovudsalen.
Harry Valderhaug, leiar for arrangementskomitèen.