Songhelg med Valderøykvartetten og vener frå sørlandet

Valderøykvartetten
Valderøykvartetten

8.-10. mars 2013

 

Valderøykvartetten, som dette året feirar 40 år, hadde i lang tid førebudd ei helg på bedehuset med songen om Jesus i sentrum. Vener frå Sørlandet, som kvartetten har samarbeidd med, var inviterte og saman hadde dei laga til eit variert og flott program.

 

Dei tilreisande var:

Helge Johannesen – steelgitar og dobro.

Ben Solheim – banjo,mandolin og song. 

Kenneth Tønnesen – trekkspel.

Rolf Johannesen – gitar og song.

Bente Risdal – song.

Vidar Søyland – piano.

Ruth Jeppestøl - andakt/appell.

 

Fredagskvelden kl 19.30 starta det heile med at Rune Tomren fortalde litt om bakgrunnen for å samlast til ei slik helg. Om kallet som kvartetten har kjent på alle desse åra: at ordet om Jesus, om korset og den kraft det har til å frelse, bevare og fornye sjeler må delast til fleire, slik at dei gjennom det ser Jesus. Og bodskapen vart delt denne kvelden.

 

Valderøykvartetten song nokre av sine flotte evangeliske songar. Musikken og songen går frå hjerte til hjerte. Det er godt å høyre på. Gruppa med Rolf, Ben, Helge og Kenneth hadde instrumentale innslag og Rolf song nokre av sine songar. Songar med personleg og sterkt innhald. Bente og Vidar delte også vitnesbyrd og song. Bente med si innleving som understreka teksten i dei fine songane.

 

Ruth delte ordet om korset med tilhøyrarane denne kvelden. Korset - det mest sentrale i bedehuset, men også i kristenlivet vårt. Jesus kunne ha valt annleis, men han ville tole den smerte som låg framfor han for å gi alle ein veg og ein sjanse til å nå himmelen. Vi vart minte på at Jesus ventar på oss. Han lengtar etter deg og meg!

 

I bedehusgangen var det sett fram mange fat med gode kaker og varm, god kaffi som folk kunne forsyne seg av på veg heim. Dette gjorde at folket tok seg god tid, og mange gode samtalar vart mogleg. Det syntest som at folk koste seg.

 

Laurdag kl.18:00

Mange hadde tatt turen på bedehuset også denne dagen. Helge med sine musikarvener slo an tonen med «Det gamle ærverdige kors» (Old rugged cross). Helge minte oss om det som står i 1. Krønikebok 16.1: Syng for han og spel for han, syng om alle hans under.

Torstein Walderhaug ynskte så velkomen til kvelden, som først skulle vere ein konsert med Valderøykvartetten. Det vart ein time med song/musikk og vitnesbyrd frå kvartetten. Det vart peika på Jesus, kven han er og kva han har gjort for den enkelte.

Songar som: «Takk Gud jeg er fri», «Så stor er Gud», «Barn du er tilgitt», «Det blod som Jesus gav for oss», «Synder av nåde frelst» med fleire vart framførde. Songar med gode evangeliske tekstar, som nådde fram gjennom trygg og god framføring av både songarar og musikarar.

 

Etter konserten vart det invitert til salatbar i kjellaren. Og her bugna bordet av salatar i alle slags variasjonar. Der var mat og plass til alle, folk storkoste seg og praten gjekk livleg.

 

Etter ein times tid var det ny samling oppe i salen. No var det gjestane frå sørlandet som hadde regien. Bente og Vidar hadde først ei avdeling med vitnesbyrd og song.Bente Risdal Bente vitna om at: «Du er også høgt elska. Vi kan vere trygge og frimodige fordi nåden held for alle!»

Dei to song m.a.: «Når Golgata jeg stille her beskuer» og «Sittende ved Jesu føtter; …la det merkes kjære Frelser at jeg helt og fullt er din».

 

Også denne kvelden vart det eit instrumentalt innslag «bak stjerners myriader». Flott å høyre på dei dyktige musikarane!Trubadurar

 

Rolf og Ben fekk med seg resten av bandet, og Rolf song nokre songar som han sjølv hadde skreve. Rolf hadde også fine vitnesbyrd m.a. «Ikkje alle dager er like, men ein ting er sikkert: Uansett om det kan sjå mørkt ut så har eg erfart at dersom du legg problema du møter over på Jesus, så blir ikkje ting så farlege lengre. Vi vart minte om Jesaja 40.29: "Han gir den trette kraft og den som ingen krefter har gir han stor styrke". Rolf framførde så ein song der teksten gjekk på det at «…du må åpne opp ditt hjerte ….han gir deg den styrke du trenger». Han fortalde oss også om eit brev han ein dag skreiv til Gud. Han kjende seg svikta av Gud og at Gud ikkje høyrde bøna hans. I brevet konkluderte han med at «… ingenting kan skille meg fra deg. Du beseiret alt det onde da du døden led for meg …».

 

Så blei det gjort klart på scena til ungdomane som hadde tromma saman eit lovsongsteam. Dei framførde 2 songar. Vi fekk først eit engelsk innslag «When the music fades …», som handla om ei erkjenning av at Gud skal få meir enn berre ein song – Han skal få mitt hjertes song for det handlar berre om han og det han har gjort. Uansett korleis eg er kan eg få gi mitt hjertes song til Jesus for alt han betyr for meg. Deretter song dei ein song om bøn: «Gud du har sagt at vi skal be til deg og du vil svare oss. Vi kan få klamre oss til hans nåde.» I teksten høyrde vi også « Gud vi ber på våre kne, vi ber for våre venner og alle som vi kjenner … åpne deres øyne så de ser at du er Gud». Eit flott vitnesbyrd frå ungdomar som spelte og song til Guds ære. Det gjorde stort inntrykk!

 

Ruth hadde kveldens appell – her tok ho utgangspunkt i forteljinga om den bortkomne sonen. Ein son som endte i grisebingen før han kom til seg sjølv og valgte å starte på heimveg. Faren stod og venta på han. Han fekk festklede på seg og vart gjenopptatt som arving. Ho fortalte også ei historie om ein son som reiste frå sin heim, men som etter mange år borte, lengta heim igjen. Då han var usikker på om han var velkomen heim igjen, skreiv han eit brev til dei heime og sa, at dersom dei ønskte at han skulle kome heim, skulle dei henge eit kvitt klede i treet i hagen slik at han kunne sjå på treet når toget drog forbi. Då toget passerte fekk han sjå at heile treet var dekt av kvite klede. Han var ønskt heim. Slik er det med deg og meg også – vi er ønskt heim til vår far. Jesus ventar på oss. 

 

Søndag kl 12:00.

Ein fullsett sal på bedehuset med barnefamilier og andre møtte oss på søndag føremiddag. Søndagsskulekoret slo an tonen med sin flotte song – «Vi er så søte og vi er så små….» «Eg er vegen, sanninga og livet», «Nå har jeg lyst til å synge igjen» og til slutt «Levende håp». 

 

Barnekoret Kor tøft song etterpå «Herre, denne dag er din- dagen er din- din seier ble min da kjærligheten vant.» , «Takk Gud for vakre morgonstunder» og «Kids telling kids … ask the lord to be with you».

 

Det var ei flott oppleving å sjå og høyre desse kora. Dei song til Guds ære, av full hals og var med sitt nærvær ein fryd både å sjå og høyre på.

 

Himmeltoget med søndagsskuleleiarane i front starta så opp og samla alle borna til barnesamling i kjellaren.

 

Samlinga fortsatte med Bente og Vidar og songar som «Det var en som for meg gikk en smertenes vei», «Du er innbudt til Himmelen», og «Kongen kommer»

 

Ruth heldt ei lita andakt til oss der ho snakka om ulike epokar i liva våre.Rut Jeppestøl

Ei trulovingstid – ei førebuingstid til bryllaup. Vi er i ei trulovingstid med Kristus. Vi førebur oss til bryllaup i himmelen. Eg og du er Jesu brud. Det var han som fridde. Han valgte deg og meg, sjølv om han kjente oss med alle våre gode og dårlege sider.

1.Joh 5. Gud har gitt oss evig liv.

 

Rolf, Ben, Helge og Kenneth song og spelte «Jeg vil synge en sang om min Jesus»

Kvartetten avslutta si helg med å synge «O nåde stor» og «Din Gud der på høyden». Deretter kom alle aktørane på plattforma og framførte songen «Jeg har en bolig».

 

Det var tid for å takke for ei fantastisk helg med Jesus i sentrum.

 

Takk til alle som deltok på plattforma .Takk til alle som hadde ansvar for matservering, takk til pyntekomitè og takk til teknikarane Andre og Harald som gjorde at lyden og det som vart formidla kom ut på ein slik flott måte til oss som skulle høyre på.

 

Helga vart filma og etter kvart vil vi nok ha høve til å oppleve helga på Frikanalen og Kanal10. I tillegg vil det bli produsert ein DVD frå konserten på laurdag.

 

I gangen var bordet enda ein gong dekka med bollar og anna gjærbakst, og mange koste og fryda seg over helga.

 

Vi gler oss allereie til neste gong!

 

 

Sissel Stokset