Song- og musikkmøte
Ungdomskoret Inspired m. fleire.Foto: Harry Valderhaug
22. desember 2013 v/Valderøy IUF
Jarl Olav leia Song-og musikkmøtet, og her samla det seg til fullt hus. Vi fekk og mykje fin julesong av Ungdomskoret Inspired, Valderøykvartetten, Asaf, Familiefredag-koret og ei YA-gruppe. Anbjørn W. heldt andakt om jula sin bodskap.
Takke-innslag:
På vegne av Valderøy IM takka Hans Louis V (styret sin oppussingsansvarlege) nokre av dei mange som har delteke i oppussingsarbeidet av storesalen. Medlemane i oppussingskomiteen: Ørjan W., Laila Jo V., Heidi V. og Jarl Olav S, vart takka med blomster. Bjørn T., Karen Randi S., Svein R. og Terje W. fekk også ei blomstertakk. Her har mange andre også vore mykje med og ei stor takk vart uttrykt til alle.
Harry Valderhaug