Søndagsskulefesten
JulestjernaFoto: Harry Valderhaug
27. desember 2013
Agnes Gjøen leia festen, som samla full storsal, med mykje born og familiar. Gry Fylling ga oss juleandakta, i lag med Marianne som dokke-styrar og spørsmålsstillar bak sofaen. Vi fekk også song av søndagsskulekoret.
Gunnar Roaldsnes kom på besøk med Julestjerna - ein tradisjon frå 1925 her på Valderøya. Gunnar tok opp igjen denne tradisjonen i 1985 (etter at Julestjerna hadde hatt pause frå 1965). Julestjerna sine 5 medlemar formidlar ein tydeleg og klar bodskap. Julestjerneborna samla til slutt inn ei gåve til søndagsskulen. Det var også i år pakkar med frukt og "gøtt" i, og det var mange med rundt juletreet.
Harry Valderhaug