Referat frå Årsmøte i Valderøy IM
Det 116. årsmøte i Valderøy IM var på fredag 4.des 2016. Årsmøte vart leia av Kjartan Skjong. Han er konstituert leiar i VIM etter Harry Valderhaug (leiar til nov) gjekk ut av styret då han er valgt til ordførar for Giske kommune. Nils Einar Berget innleia samlinga med andakt frå 1.kor 13. Etter andakta var det årsmøtesaker med årsmelding, reknskap, matykt m/prat, valg av styremedlemer og litt om arbeidet.
Vi fekk også opplest årsmelding frå søndagsskulen ved leiar Turid Tomren. Arbeidet i SØNDAGSSKULEN er særs viktig del av arbeidet i bedehuset. Årsmøte takka for søndagsskulearbeidet.
Etter valget i årsmøte er styret i Valderøy IM slik samansatt:
Bente Dyb , Rune Tomren, Marita N.Giske, Kjartan Skjong, Anbjørn Walderhaug og Staale Johan Valderhaug (inn i styret for Harry V til neste årsmøte i 2016).
1.vara Jogeir Valderhaug og 2.vara Per Otto Hellevik.
Nye i styret vart ønska velkomen og dei som gjekk ut vart takka av.
Årsmøte vart avslutta med opplesing frå referatskrivar Jan Ivar Stokset til dei ca 40 frammøtte.
