Påskefrukost

Påskefrukost 16. april 2017
Påskefrukost 16. april 2017

Første påskedagssamling

Valderøy indremisjon inviterte til påskefrukost kl 10, på bedehuset. Mange møtte fram og vart møtt av eit innbydande "frukost-langbord". Her var det mange dyktige medarbeidarar som hadde bidrege til eit festbord. Praten gjekk livleg mellom store og små, alle aldersgrupper var representert, "storfamilien" var samla.

 

Kl. 11 ynskte Nils Einar Berget ein fullsett bedehussal velkomen til påskemøte/oppstandelsesmøte. Vi feira at Jesus stod opp, han lever og vi får juble saman med seierherren.

 

På møtet song søndagsskulekoret, som hadde mange flinke solistar. Stian og Nils Einar førte an med det musikalske. Siv Anita Berget heldt ein "jubelandakt". Vi har vunne fordi Jesus vann. Medan dei minste fekk pynte eit stor banner med teksten "Jesus Lever" forsette ho for oss litt eldre. Siv Anita fekk formidla seiersbodskapen til "heile familien".

 

Eit lovsongsteam med dyktige musikarar og forsongarar leia forsamlinga i avdelinga med lovsong, og møtet vart avslutta med songen: "Deg være Ære".

 

Ein stor takk til alle som bidrog, både praktisk (mat, påmelding etc.), song, musikk, tale og teknikk/lyd. 

 

Eg trur både store og små gjekk heim i takksemd.

 

Kjartan Skjong