Pareliband sin påskekonsert

Arne Pareli m/band, Valderøya 1. april 2017
Arne Pareli m/band, Valderøya 1. april 2017

Laurdag var Parelis på besøk på Valderøy Bedehus. Rune bar fram ein flott velkomst, og ein fullsett møtesal applauderte dei fram på scena.

 

Det vart eit sterkt møte med påska sin bodskap i bilde, ord og tonar. Eit sjeldant høve til å høyre fantastiske musikarar og songar. Trur alle, som var der, gjekk velsigna heim etterpå, og hadde fått ei spesiell og flott innleiing til påskehøgtida.

 

Kjartan Skjong