Oppussing

Terje i luftig svev.
Terje i luftig svev.

Oppdatering om arbeidet

 

NO ER OPPUSSINGA I GOD GJENGE!

Vi har kome godt i gang med både målarkostar, målarliftar, målarpraten og målarar i storsalen og småsalen på bedehuset. 


Første post på oppussingsprogrammet er å gjere taket kvitt. Terje Walderhaug har ansvaret for denne delen av oppussinga og i ettermiddag var Terje og fleire andre allereie i fullt arbeid med målinga.

 
Passar det for deg å ta ein tørn i lag med dei andre kan du ta ein telefon til Terje Walderhaug, eller ta deg ein tur innom bedehuset. Her blir det dugnad både på dagtid og ettermiddag/kveld i dagane framover. Om du har høve til å vere med og hjelpe til kan du gjerne avtale med Terje om NÅR du kan vere med og kva som passar å gjere.

Meir informasjon finn du i hovudoppslaget om oppussinga datert 01.06.2012.

  • Ansvarlig for denne sidenRoy Mulelid
  • Publisert