Oppdatering - Korona - 28.10.2020

Regjeringa la 26.oktober fram nye smittevernreglar i samband med korona-viruset.
Dei nye reglane gjeld i hovudsak innstrammingar i forhold til private arrangement.
På bedehuset kan vi fortsatt samlast til møte med inntil 200 personar, gitt at smittevernreglane blir fulgt.
Vi er takknemlege for at vi kan samlast til møter, og kjenner at det er godt at vi har muligheten til akkurat det no i denne krevjande tida.
Vi minner om at dei som er sjuke må halde seg heime.
Alle som kjem må registrere seg med navn og telefonnummer og passe på avstandsreglane.
Det skal vere minst ein stol mellom deg og dei du ikkje er saman med til vanleg.
Ta gjerne kontakt med ein frå styret om du har spørsmål om dette, eller det er andre ting du vil snakke om.
Vi gler oss til å sjå deg! Hjarteleg velkomen til bedehuset!
Helsing styret.