Møteveke v/Kurt Urhaug

21. 26. januar

 Du er hjarteleg velkomen til møteveke i bedehuset på Valderøya. Tema for møteveka vert:

"Spør fuglane under himmelen."

 

Kurt Urhaug seier om seg sjølv: "Når da gjelder meg sjølv så er ikkje da så mykje å skildra. Er ein enkel stril frå strilalandet ved Bergen, og er redaktør i Bladet Evangelisten." Kurt Urhaug takkar og for at han får koma att til Valderøy enno ein gong, og vera saman med gode vener og rikt fellesskap!

 

Vi ser fram til møta ved Urhaug, og vonar at du kan vere med oss i bøn for desse.

 

Møta vil også verte kringkasta på nettradioen. Du finn lenken øverst på heimesida vår.