Møter 2.-6.sept v/ Johan Halsne
Frå og med onsdag 2.sept til søndag 6.sept blir det møter kvar kveld kl 19.30 i Valderøy bedehus. Johan Halsne blir med og taler og TEMA for samlingane er "Comeback" . Vi håper folk tek seg tid til å kome, vere ilag og få med seg desse samlingane. Det blir tid til samtale og kaffi etter møta. Lokale sangkrefter deltek og du får høve å gi kollekt til arbeidet.

Møteplan (pr idag 2. sept) :
Onsdag kl 19.30 . Tale v/ Johan Halsne. Sang : ASAF
Torsdag kl 19.30 . Tale v/ Johan Halsne. Sang : Havlys
Merk: Fredag kl 17-19 . FamilieFredag - ei samling i U-etg for familie/born. Middag , kor og aktiviteter for borna.
Fredag kl 19.30 . Tale v/ Johan Halsne . Sang: lokal duo/trio
Laurdag kl 19.30. Tale v/Johan Halsne . Sang : lokal duo/trio
Søndag kl 19.30. Tale v/Johan Halsne. Sang : ?
Det blir tatt opp kollekt på møta. Vi prøver også å få ut møta på webRadioen (sjå lenke på nettsida her)
Velkomne til samlingane.