Møte 2. og 3. februar

Ole Kristian Iglebæk talar. Song av Mette og Roger Sørensen
Førstkomande laurdag og søndag kjem Ole Kristian Iglebæk for å tale til oss. Han har også med seg Mette og Roger Sørensen, som deltek med song. Sørlendingane gler seg til å vitje Sunnmøre med song og vitnemål om Jesus. Det blir godt med song av Mette og Roger i desse møta.
Mette og Roger er frå Flekkerøya ved Kristiansand. Dei er gift og har to barn. Saman har dei gitt ut 2 cdar , den siste, "Sangens velsignelse", kom ut i 2007. Dei har sunge ilag i mange år, og har mellom anna delteke i både tv-program og andre større arrangement med songen sin.
Ole Kristian Iglebæk er forkynnar og reiser for dei frie evangeliske venene på sørlandet. 
Dei blir også med på nærradiosendinga til Valderøy IM laurdagskvelden.
Håper du som kjem til møta også kan invitere nokon med deg og huske møta i bøn.
Harry Valderhaug



