Medlemsbrev 2022

Valderøy, Januar 2022

 

Kjære bedehusvenn, kjære bror og søster.

 

De har sikkert sett reportasjane de også... Om desse som skal ut på krevjande ekspedisjonar over Grønland, og som må trene seg opp til å meistre utfordringane som venter. Så dei står på og trener. Ei av øvingane er å springe mens dei har eit stort traktorhjul på slep etter seg. Kanskje er det litt slik vi kjenner oss, vi som har hatt ansvaret for arbeidet på bedehuset dei siste par åra. Vi prøver å stå på det vi makter, men så er det noko tungt og svært som heile tida vil halde oss tilbake. Det berykta korona-viruset, veit de. Planer som går i vasken, avlysingar, lite sosial omgang, avstandskrav, maks tal på besøkande, smittefrykt... Slik kan 2021 fort oppsummerast, og det er lett å la mismotet overmanne oss. Men – dette er langt frå heile sanninga om året som ligg bak. VI har også utruleg mange gode minner frå året: Gode møter med flott sang, inspirerande forkynning, å dele nattverd, søndagsskule og forbønnsteneste. Fine bibelhelger har vi hatt, bibellesingar og nydeleg fellesskap på bønnemøta. Til og med eit par nykommarar har vi hatt på kalenderen: Damer på Øya ein mandag i månaden og Ung. Gudsteneste på fredagskveldane. Så vi har mykje å glede oss over og takke for når vi no tek farvel med 2021, og ser framover mot nye moglegheiter og nye oppgåver i 2022.

 

Då Jesus ga disiplane sine det store oppdraget om å gå ut til heile verda og fortelje om han og lære andre å følgje han, så kom oppdraget saman med eit løfte. Han sa «Eg er med dykk alle dagar». Alle dagar. Alle dagar! Det gjeld desse dagane også, som vi står midt oppi no, med vanskelege og krevjande arbeidsforhold. Men Jesus sa ingenting om at dei dagane det vart vanskeleg så måtte vi berre slappe av og ta livet med ro. Nei, oppdraget gjeld også i krevjande periodar. Og løftet gjeld akkurat like mykje – Jesus er med! Så dermed kan vi fortsette arbeidet, i tru og tillit til at han vil vere med og skape åndeleg vekst og modning i flokken sin på bedehuset vårt.

 

Torsdag 27.januar kl 19.30 er det årsmøte i Valderøy Indremisjon. Du er hjarteleg velkommen dit. Om du ikkje allereie er medlem, men kan tenke deg å bli det, er du ekstra velkommen. Foreininga har bruk for kvar villig bror og søster i arbeidet. Ver med og be for årsmøtet vårt, for forsamlinga vår og for øya vår.

 

Vi minner om at medlemskontigenten på kr 100 må vere innbetalt til konto nummer 3900.33.72468 eller Vipps nummer #106318 før årsmøtet. Merk betalinga med «Medlemskontigent for Namnet ditt».

 

På heimesida vår www.valderoybedehus.no og på Facebook-gruppa Valderøy Bedehus vil du finne informasjon om møter på bedehuset. Du er viktig for fellesskapet vårt, og vi ønsker deg hjarteleg velkomen til møta som skal vere framover våren. Vi håper å sjå deg der!

 

So vil vi helse dykk med nokre vers frå Efeserbrevet kap 3:

 

Difor bøyer eg mine kne for Far, han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord. Må han som er så rik på herlegdom, styrkja vårt indre menneske med kraft ved sin Ande. Må Kristus ta bustad i hjarta våre ved trua og vi stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik. Må vi saman med alle dei heilage få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå. Må vi bli oppfylte med heile Guds fylde! Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus gjennom alle slekter og i alle æver! Amen.

 

Med venleg helsing frå Turid Tomren, for styret i Valderøy Indremisjon.