Juleselskap 27. desember 2022

I år har vi lyst til å invitere store og små til JULESELSKAP på Valderøy Bedehus tirsdag 27.desember kl 17. Vi møtast i salen i underetasjen til ei hyggeleg stund med kakebord, song, julehelsing fra Siv Anita Loka Berget, og gratis lodd til barna. Deretter går vi opp i hovudetasjen der vi syng oss varme og glade med gang rundt juletreet.


DU er hjerteleg velkomen til å vere ilag med oss!

 

PS: Om du kunne tenke deg å kome, men ikkje kjenner nokon du kan kome ilag med, så send oss ei melding her på Facebook

https://nb-no.facebook.com/ValderoyBedehus/

så skal vi ta ekstra godt vare på deg når du kjem.