Julemessa

Svært godt frammøte ved messa i år også.

Eg er vel ikkje den rette til å uttale meg her, men eg har vore så heldig at eg har fått vere med på alle messene vi har hatt her på bedehuset. Det er utruleg masse som skal gjerast i tida før den går av stabelen. Nokon må også ha ansvar for å dele ut dei ulike arbeidsoppgåvene, og avgjere kven som skal gjere kva (koordinering heiter det vel).

 

Julemessa har vorte ein stor del av det øya har å by på for store og små i november månad. Mange av dei som er innom og handlar, seier at no kjenner dei på julestemning og at jula er rett rundt hjørnet.  Lisa (skriver'n her) er mellom anna så heldig å få lov til å dekorere salgsbodene og vere med å selge nokre av produkta. Ja, det har blitt reinaste tradisjonen det også! Eg er heldig som har ein jobb der eg kan time inn ekstra fridagar til dette viktige prosjektet.


Masse fin sang er der også, men det som toppar seg kvart år er no "Lykklighet". For ein fantastisk gjeng, og for ei glede dei utstrålar. Snakkar om takksemd.
Må berre undre meg over kor stor glede dei viser, og for ei glede eg kjende i hjertet for å få høve til å stå fram på scena og takke dei for den flotte songen.Lykklighet

 

"Katta i sekken" er barnas glede! Det er stilig å fylgje litt med rundt forbi, og sjå augene på barna når dei oppdagar at der er eit stempel i loddet. Ja, det er ganske god vinnarsjanse i dette lotteriet. Det er nok verre å vinne hummarane som vert lodda ut. Tidlegare år har det vore ein eigen konkurranse om å tippe vekta på dei, men i år vart dei lodda ut i lag med dei andre gevinstane under åresalet.

 

Praten gjekk livleg og høglydt rundt borda der folk hadde kjøpt seg kake og kaffe, eller rømmegraut, eller eller....
Messa opna kl 11.00 og stengde kl 15.00. Eg trur eg må seie at det er dei fire timane i året klokka går aller fortast.
Folk frå heile kommuna, og vidstrekt utover, kjem og vitjar oss år etter år, små som store. Så dette har nok blitt ein av øya sine tradisjoner. Ingen tvil om det!Mange tok turen innom for å handle, nyte god mat/drikke.

 

Med dette vil eg ynskje alle ei rett god jul med songen tonande i hjertet: 

Et barn er født i Betlehem ....

 

Og kanskje sit der allereie nokre damer med klirrande strikkepinnar rundt forbi, og førebur messa for neste år.

 

Elisabeth K. V.

Salsborda bugnar av varer.
Salsborda bugnar av varer.