Julemessa - og løfsene som forsvann.

Stort frammøte på messedagen.
Stort frammøte på messedagen.

9. november 2013

Laurdag var det dags for den årlege julemessa i Valderøy bedehus. Barnekoret KOR TØFT, godt leia av Oddveig Blindheim, «song i gong» julemessa med frisk song til gode takter. Taktene var det i grunnen like greitt å slå an med ein gong, for her skulle det gå slag i slag utover formiddagen. Det var eit tett program med god styring av Torstein Walderhaug. Her var det både songinnslag, utlodding med trekning i fleire «vende, sal av handarbeid, julemat. Her fekk vi eit godt høve til å ordne flotte julegåver av m.a. strikk og anna fint handarbeid – ja, og ikkje minst løfser og søst ei lita ri. Rømmegraut, lapskaus, kaker og kaffi var også eit godt innslag i lag med praten.

 

I bresjen for julemessa står Bente Dyb saman med Anne Marie Sæther og Margrethe Krogen. Margrethe er julemessa si «mor», i tillegg til at ho er mor til Bente. Inntektene frå julemessa går til arbeidet på bedehuset, seier Bente, og innrømmer at det er mykje arbeid med å arrangere denne. Her er mange gode medhjelparar som er involverte, både før, under og etter messa går av stabelen. Når vi ser at det kjem mellom 400 og 500 personar innom julemessa, so er det både flott å registrere og inspirerande å lage til – kvart år.

 

Bente rettar også ein takk til Kingelveven, som er med og viser fram og sel sine produkt på messa. I tillegg til barnekoret, deltok Sunnmørsgutane med song. Blant songarane her er det fleire lokale, vaksne gutar.

 

Etter snaut 4 timar der vi vart servert fleire rundar med utlodding av hummar og alskens fine gevinstar, "katta i sekken", mykje prat og mat, vart det "fjøre sjø" i både lapskaus- og rømmegrautgrytene.

 

Ja, og så må det nemnast dette med julemesse og løfser. Det er nesten like mykje tradisjon som sjølve julemessetradisjonen, at løfsene er sporlaust forsvunne før timen er passert - uansett kor mange kjevler som har vore i sveng. Dei må vere knakande gode både løfsene og bakarane. Skal det bli nok løfser til neste julemesse so er det berre eitt å seie til desse knakande gode kjevlarane: «Dokke må kromme nakken og ta kjevlene fatt allereie tidleg på nyåret!»



Ref. Harry Valderhaug - 9. nov. 2013



Vis alle bildene (19)