Julemessa 2017

Siste innspurt før salet vert opna.Foto: Roy Mulelid
Fole kjekt med julemesse
Løfser, havrekjeks, årer og rullelodd. Julemessa er ei god blanding som vart arrangert for niande gong i år. Det heile starta med glade og gode "Lykklighet" som serverte strålande åpningsnummer.
Aldri har messa hatt fleire og flottare salgsvarer. Dette hadde tydelegvis folk fått med seg, for køene var lange då det vart åpna for salg.
Godøy Brass blæs liv i både kjende julesongar og gode gamle bedehussongar i si avdeling. Liv Erstad heldt appell om å tilgi og bli tilgitt.
Med fullt hus frå åpning og nesten heilt til slutt kan messekomiteen bokføre
nok eit vellukka arrangement.
Victor Haram






