Julefesten tredje juledag.
Anita Folde ynskte ein fullsett bedehussal velkomne til familiefesten. Dette er første gongen vi har slått saman dei to tradisjonelle 2. dags- og 3. dags-festane. Det var flott å sjå store og små samla til julefest.
Søndagskulekoret starta festen med flott song. Lea og Elida las juleevangeliet. Gunnar Roaldsnes trakterte flygelet, og songen" Et barn er født i Betlehem" sette oss i "juletrefeststemning". Hanne Eline Heggheim gleda oss nok ein gong med fin song. Gry Fylling heldt andakt saman med nokre hjelparar.
Vi fekk besøk av "Julestjerna", ein tradisjon som er gamal også på Valderøya. Mange pensjonistar hugsar dette frå sin barndom. Den gongen gjekk dei frå hus til hus, og i tillegg var dei med på julefest.
Gunnar Roaldsnes fekk overrekt blomar og gåve for 30 år med "Julestjerna". Mange, som i sin barndom var med i "Julestjerna" og som no har vorte vaksne, stilte opp saman med årets deltakarar og song, slik at det vart reine "jubileumskoret".
Store og små fekk julepakkar, og det vart servert kaffe. Etter ei lita matykt var det tid for gang rundt juletreet. Salen blei raskt rydda, og iveren var stor både hos store og små i gangen rundt juletreet.
Ein flott juletrefest blei avslutta med songen "Deilig er jorden".
Kjartan Skjong




