Himmelsk songglede!

Talleys og SistersFoto: Roy Mulelid
Singing in the City 21.-23. mars 2014.
Songhelga, "Singing in the City", gjekk av stabelen i Valderøy bedehus helga 21-23 mars. Mykje folk kom for å høyre, dei fleste kortreiste, men og ein del utabygds frå. I tillegg var det omlag 60 tilreisande frå andre landsdelar. Laurdagskvelden var det so fullt at ekstrastoler måtte til for å gje seteplass til alle dei vel 500 frammøtte. Songhelga med sine 4 konsertar samla vel 1700 tilhøyrarar frå fredag til søndag føremiddag. Med gratis inngang var terskelen for å ta seg ein tur lav. Det vart ei minnerik helg med mykje god kristen song, fellesskap og gode vitnesbyrd om Jesus Kristus, verda sin Frelsar og eit himmelsk håp!
Dei 4 konsertane hadde ein mix av lokale songgrupper saman med dei to gruppene Sisters og Talleys frå USA.
Sisters, ei gruppe av 3 søstre, var i Norge for første gong. Dei formidla songane og si kristne tru på ein forunderleg flott måte. Dei var glade for den gode mottakinga og kontakta dei fekk med tilhøyrarane og håpte både songane og formidlinga av det glade bodskapet, evangeliet om Jesus Kristus, vart til glede og kunne gjere folk kjent med Jesus. Med mange år i fulltidsjobb som songarar var dei nok også til inspirasjon for mange med sine musikalske evner. Gruppa the Talleys, ein trio av mor, far og dotter, var på Valderøy bedehus for andre gong og sidan sist, for 3 år sidan, var det tydeleg å merke korleis dottera Lauren i Talleys har utvikla både songstemme og formidlingsevne sidan sist. Ho formidla det kristne bodskapet på ein sjeldan fin måte.
Utanom dei to amerikanske gruppene, deltok Valderøykvartetten med nydeleg song. Marit & Irene var med både med song og appell. Vi fekk på laurdagskvelden også høyre ein del fellessongar med Marit & Irene og Emblem mannskor med Arild Berstad som pianist. Elin Wennevold deltok med nydeleg solosong og Gry S. Ytterland akkompagnerte ho med piano. Desse to godøydamene song og spelte seg inn i mange hjarte laurdagskvelden - heilt nydeleg! Roger Sørensen deltok også med song denne helga og sidan ektefellen Mette måtte melde avbud, stillte Kjerstin Handeland Stokken opp som i duettsong med ilag med Roger.
Før og etter samlingane var det matservering âlâ kafê, eit flott opplegg der det vart rikeleg høve til både å utveksle ein prat og bli kjent.
Arrangørene av songhelga "Singing in the City" var IMF og ein lokal komitè. Dei fekk mykje god respons frå både deltakarar og mange av tilhøyrarane. Primus motor i IMF er Johan Halsne. Som leiar for lokalkomiteen, håper eg at vi kan få til slike samlinger av og til. Her er eit rikt og godt kristent arbeid i kommuna, på mange vis, og slike songstunder med "utaskjærsbesøk" gjer seg. Sjølv om det er ein del praktisk arbeid og det kostar litt å få til noko slikt, så synest medlemane i lokalkomiteen, at det er flott å sjå kor villege folk er til å stille opp - både med mat og midlar. Og når dei som kjem setter slik pris på det dei får høyre og vere med på, så er det inspirerande å få vere med å lage til.
Det vart ei songhelg full av GOD SONG både i inn-og utalandsk forstand, framført med himmelsk songglede!











