Gospelkonsert - "Gospelcruise til Nordkapp m/MS Gann"

Konsert i Valderøy Bedehus 21. juni kl 2000 - Gratis inngang - kollekt
I samband med Skuleskipet Gann sitt «Gospelcruise» til Nordkapp vil MS Gann ligge til kai i Ålesund Onsdag 21. juni kl 12.00-21.00.
Om bord i skipet er det gode svenske gospelartistar, som skal spele og synge for oss. Emilia Lindberg er ein ung svensk country-/gospelartist som formidlar evangeliet sterkt og kvalitetsmessig i songen. Ho er for tida ei av dei mest etterspurte og populære kristne songarane i Sverige. I tillegg vil Roland Lundgren, Niclas Petersen og Tor Rødset med band vere med på konserten. Roland er vel kjend frå duoen Curt og Roland - Guds glade countryduo frå 60- 70 - og 80-talet. Roland har sunge mykje på konsertar og møter i Norge, og i den siste tida saman med Niclas, sonen til Curt. Dei harmonerar veldig bra saman, og har sunge seg inn i mange sine hjarte med deira kvardagslege og enkle stil.
Velkomen til konsert i Valderøy bedehus 21. juni klokka 20.00.
Det er gratis/fri inngang, og det vil bli samla inn kollekt.

Kjartan Skjong
(Alle bilda er henta frå plakaten til konsertane, som er arrangerte
i samarbeid med Plussreiser.)



