Dugnadsarbeidet

Status på oppussinga av hovudsalen på bedehuset pr. 24.11.2012.
Målararbeidet er for det meste ferdig. Galleri med nytt teppe, glasrekkverk og nymåla benkar er utført. Nytt teppe på scena er lagt, samt nytt golvbelegg i hovudsalen, i tillegg har om lag 2/3 av golvet under galleriet fått nytt belegg. Montering av lammellgardiner til vindauga mot vest er godt i gong, og flygelet er flytta tilbake til scena. Vi har skrudd saman skapa til kjøkenkroken, som skal vere under galleriet.
Golvet skal bonast på tirsdag denne veka, og kjøkeninnreiinga skal monterast når dette er utført. Lampar på veggar og i tak skal monterast i løpet av dei komande 2 vekene. Kantlister til scena skal monterast. I tillegg gjenstår diverse rydding og vasking.
Vi koplar til lydanlegget og satsar på at adventsmøtet 09. desember kan avviklast i hovudsalen. Arbeid som ikkje er ferdig til adventsmøtet vil bli fullført etter nyttår.
Vi vil nytte anledninga til å takke for innsatsen så langt, og satsar på at vi kjem i mål med resten etter kvart.
Hans-Louis Valderhaug



