Dugnadsarbeidet nærmar seg fullføring

Elkana testar akustikkenFoto: Harry Valderhaug
Test av akustikk
I tilknytning til Normisjon sitt møte fredagskvelden den 19 oktober, der Rolf Kjøde talte og koret Elkana song, tok Elkana ei utfordring på sparket. Etter møtet stilte dei opp til utprøving av både akustikken og den nye scena i storsalen med ein nydeleg a capella-song. Under direksjon av Sven Sæther, framførde dei nydeleg song for det ståande publikummet. Framføringa vart avrunda med ein fin trompetsolo, Amazing Grace, som vart utbasunert frå det nyoppussa galleriet, av Alf Gunnar Sleveland. Det skal bli spanande å både sjå og høyre korleis det lyder når heile salen er ferdig.
Kort om resterande arbeid:
Galleriet er no i hovudsak ferdig, med unntak av litt justering av glasrekkverket på gallerikanten. Taket under galleriet skal ha eit ekstra strøk med måling. Galleriet skal støvsugast og benkane flyttast opp igjen.
Scena er ferdigbygd. Taket over scena og den "nye" veggen skal, når denne er ferdigsparkla, målast.
Diverse utstyr til lyd og bilde skal monterast. I tillegg skal scena utsmykkast og teppefliser leggast.
Kjøkkenkrok og barnerom skal "installerast" i småsalen (under galleriet).
Ellers skal det monterast nokre lampar og lys. Golvbelegget i hovudsalen skal skiftast. På scena skal det leggast belegg. I trappa til galleriet skal det leggast flis. I tillegg skal ein del anna utsmykking på plass før det kan seiast at vi er i mål med oppussinga.
Enn so lenge - velkomen til dugnadsinnspurten!
Harry Valderhaug






