Dugnadsarbeidet i hovudsalen.

Første del av arbeidet fullført.
Taket er no ferdigmåla! Ein flott gjeng med målarar og servitørar har gjort ferdig alt som skal målast av tak.
Ei stor takk til alle som har vore med på denne første runden av oppussinga. No tek vi ferie for sommaren. Vi startar opp att med målarkostar og andre hjelpemiddel etter ferien. Informasjon om når vi skal starte med dugnaden igjen vil mellom anna bli lagt ut på sida vår.
Vi ynskjer alle bedehusvener ein god sommar, og vi vil også ynskje alle hjarteleg velkomne til "startskotet" for hausten. Vi startar opp tirsdag 21.august kl 18.00 med eit besøk av The Crist Family, som kjem til arrangementet "Songkveld & kveldser". Då vert det høve til å gje ei god kollektgåve til oppussingsprosjektet.
Vi håper arrangementet også kan vere eit fint høve å samle fullt hus og informere om planane for oppussinga vidare utover hausten.
God Sommar!



