Damer på øya

Nye relasjonar og nye venskap. Fellesskap og omsorg. Gode møtepunkt på tvers av generasjonar. Dette drøymer vi om. Derfor inviterer vi no til Damer på øya.

 

Vi ønsker at Damer på øya skal vere ein stad der vi kan møtast, ha det triveleg saman og snakke om aktuelle tema som berører livet. Ein stad der vi kan dele erfaringar og snakke om tru og tvil, både når livet er lyst og lett, og når det røyner på.

 

Vi planlegg å møtast ein gong i månaden. Møtene vil ha ulike tema som berører dagleglivet vårt.

 

Temaet komande måndag er «Håp når livet kastar skuggar».

 

Ta gjerne med handarbeid. Det blir enkel servering.