Bibelkurset 2012

Glimt frå bibelkurset ved Folkehøgskolen Sørlandet.

I år var bibelkurset lagt til 10-15 Juli på Birkeland, som ligg om lag 30 km frå Kristiansand.

Her hadde ein høve til innkvartering på skulen eller evt i campingvogn. Ved skulen er det symjehall. I nærleiken er det fotballbane og fine uteområde for store og små.

Som vanleg var det bibeltimar og møter fra morgon til kveld. Talarar på kurset var: Johnn R. Hardang, Rune Ludvigsen, Jan Øystein Persson og Johan Halsne.

Det var også lagt opp til barnas bibelkurs og ungdommens bibelkurs.

Vidare var det høve til ballspel, leik, friluftsliv og avslapping. 

Motto for kurset i år var "Framtid og håp". Dette er Guds tankar både for den verda vi lever i, og for kvart enkelt menneske.

Bileta vart tekne under ettermiddagskaffe/hageselskap m/aktivitetar for store og små - laurdag ettermiddag.

 

Ref. Vidar Skjong 

  
  • Ansvarlig for denne sidenRoy Mulelid
  • Opprettet