Bibelhelg v/Normisjon 24.-26. oktober.

Tale v/Torill Solli Haugen. Tema: "Gi det videre".

Torill Solli Haugen skal delta på Valderøy bedehus denne helga. Ho er seniorkonsulent i Normisjon, og har utdanning som diakon og religionshistorikar.

 

Solli Haugen arbeider for tida med å byggje opp eit frivillig arbeid i Uganda, og planen er å reise til Uganda i løpet av oktober. Ein del av arbeidet er å inspirere medarbeidarar her heime (i aldersgruppa frå rundt 60 år og oppover) til frivillig arbeid. I denne aldersgruppa finst det ein del personar som kanskje har lyst og evne til å nytte sin kompetanse og tid til å gjere ein frivillig innsats.

 

Prosjekta i Uganda, som er i samarbeid med den anglikanske kirka der, dreier seg om undervisning i skulen, sosialteneste og fengselsbesøk.

 

Solli Haugen reiser rundt og held andaktar og bibelhelger over heile Norge. I tillegg driv ho med utvikling av nye reisetilbod, og er med som reiseleiar, mellom anna for SI-reiser.

 

Kilde: Agenda 3:16, nr. 9/2014  ( http://www.agenda316.no/  )

 

Ulike songkrefter vil vere med på desse møta. Fredag 24. er det songkveld, og Anbjørn Walderhaug og Møyfrid Bjørnerem deltek. Laurdag vert det kakeutlodning, og ASAF syng. Søndag 26. syng Andrè Sjåvåg og det vert samla inn kollekt til arbeidet. Etter alle møta vil det bli servert kaffe. Sjå elles kalendaren for tidspunkt for det enkelte møte.

Torill Solli Haugen
Torill Solli Haugen