Årsmøtet 27. januar 2017
Referat
Fredag den 27. januar 2017 var det klart for årsmøte i Valderøy IM. Årsmøte har dei siste tiåra vore i slutten av året, men er no flytta til januar m.a. fordi ein då får avslutta rekneskapen pr årsskiftet, og at januar kanskje er ei litt mindre "hektisk" tid for mange.
Valderøy IM arrangerte i år for første gong ei årsmøteveke frå onsdag 25/1 til søndag 29/1.
Johan Halsne deltok på samlingane med temaet "Jerusalems porter" (frå Nehemias bok). Samlingane har vore godt besøkt, også sjølve årsmøtet fredagskvelden.
Kjartan Skjong, leiar for styret i Valderøy IM, vart vald til å leie årsmøtet. Johan Halsne heldt andakt og minte om den første porten som Nehemias sette i stand, fåreporten. Det startar med Guds Lam som tek bort verda si synd. Fiskeporten var den neste porten som vart sett i stand igjen, og vitnar om at vi er menneskefiskarar.
Etter andakta og song av Havlys, var det klart for årsmøtesaker. Kjartan las årsmeldinga og denne vart godkjent. Anbjørn Walderhaug (kasserar) presenterte rekneskapen for perioden 1.november 2015 til 31.desember 2016. Årsresultatet (for 14 månadar, inkluderer to julemesser) viser eit overskot på kr 399 742. Foreininga er gjeldfri og hadde pr 31. desember kr 869 978 i eigenkapital. Rekneskapen vart godkjent.
Revisor og valnemnd for 2017 vart vald og det var klart for ei matykt og samtale. Etter ei god matykt var det klart for val av nye styremedlemmar i Valderøy IM. Dei nye medlemmane/ varamedlemet vart vald ved akklamasjon.
Det nye styret for 2017 er slik: Kjartan Skjong, Rune Tomren, Bente Dyb, Marita N. Giske (nyvald), Staale Johan Valderhaug (nyvald), Nils Einar Berget (nyvald). Merethe Hafrsfjord vart i tillegg nyvald 1. vara (etter eige ønske).
Etter at valet var ferdig, fekk leiar for Valderøy Søndagsskule, Turid Tomren, ordet. Ho las årsmelding om arbeidet i søndagsskulen. Dei har godt med leiarar og personar som ber for desse leiarane. Mange born går på søndagsskule annankvar søndag, og mange foreldre er med borna sine. Dei når mange gjennom desse samlingane, og har håp og bøn om at både born og foreldre/besteforeldre må bli kjende med Jesus, verda sin Frelsar, gjennom søndagsskulen sitt arbeid i Valderøy bedehus.
Siste del av årsmøtet vart opna for samtale og innspel om arbeidet. Kjartan informerte om styret sitt arbeid med å få i gang faste søndagsmøter for heile familien, samt etablering av diverse ressursgrupper i arbeidet. Eit motto styret har arbeidd med vart også presentert - i to punkt:
1. Å formidle evangeliet.
2. Å ta vare på kvarandre.
Det var vidare fleire av årsmøtedeltakarane som tok ordet og takka dei som er med i arbeidet og i styret, både dei som har vore med og dei nye som no er valde inn i styret. Fleire av dei som var frampå, kommenterte og oppfordra styret til å arbeide vidare med å få inn ein løna arbeidar. Tida er inne og foreininga har ressursar til å tilsette leiarar i arbeidet. Særleg blant born og unge bør ein få inn leiarar (t.d. frå T2 studentar ved Bildøy via Sunnmøre IM). Fleire i årsmøtet oppfordra det nye styret til å jobbe vidare med dette.
Det vart elles nemnt litt om planar og behov for opprusting av huset - gangpartiet, heis , vindusfelt, mm. Dette er noko det nye styret vil jobbe vidare med.
Årsmøtet vart avslutta med at protokollførar , Jan Ivar Stokseth, las opp årsmøteprotokollen og årsmøtedeltakarane signerte denne.
Referent til websida: Harry Valderhaug.