Årsmøtet 2013

The Collingsworth Family, hausten 2013.
The Collingsworth Family, hausten 2013.

30. november.

Laurdag 30.nov var det årsmøte for Valderøy indremisjonsforening. Årsmøtet samla ein fullsett ungdomssal, og leiar for IM-foreininga, Vidar Skjong, leia årsmøtet.
Arnstein Ytterland song eit par songar, ilag med Kjartan Skjong, før Arnstein delte nokre tankar med oss frå Gal. 6, 8: "Men den som sår i Anden, skal hauste evig liv i Anden." Det er eit naturgjeve prinsipp at det ein sår skal ein og hauste.
 
Etter song og andakt var det årsmøtesaker, som stod på programmet. Vidar Skjong las årsmeldinga og rekneskapen vart lagt fram. Oppussingsprosjektet "Storesalen" og tilhøyrande prosjektrekneskap vart gjennomgått av Hans Louis Valderhaug. Storesalen har no fått seg ei skikkeleg oppussing, med nye fargar, ny og romsleg scene, kjøkkenkrok mm. Det er mange som har delteke mykje på dugnad og med gode gåver til prosjektet. Arbeidet starta sommaren 2012, og litt utpå nyåret var det meste av oppussingsarbeidet ferdig. Ein ny og fin storesal vart resultatet.
(Bilde frå dugnad med f.v.: Hans Louis, Svein i stigen, Ørjan W og Jan Ivar S.)
 
Årsmeldinga vitna om at  gjennom eit arbeidsår skjer det mykje misjonsarbeid på bedehuset, både i eigen regi ved fellessamlingar, songøvingar, grautatreff og eigne samlingar for born, unge, familiar og 60+-arar, samt utleige til ulike misjonsorganisasjonar.  
 
(Bilde under: Gruppa "The Collingsworth Family" frå USA, som deltok på årets Songkveld og kveldser-arrangementet i haust).
 
Søndagsskulearbeidet har i fleire 10-år vore leia av Arnvid Lervik. Etter over 40års teneste i Valderøy søndagsskule, takkar Arnvid no av som leiar for Valderøy Søndagsskule. Han synest det er godt at her er nye leiarar, som har teke over stafettpinnen i denne viktige arbeidsgreina.
 
Arnvid ga årsmøtet eit lite attersyn for ei arbeidsgrein som har heldt på sidan 1904, og som neste år rundar 110 år. Han hugsar godt den børa han kjende på då Edvard Andestad overlet søndagsskulearbeidet til han for meir enn 30 år sidan. Det var då godt å leggje Guds ord til grunn for arbeidet, mellom anna strofene "Sjå der Guds Lam som tek bort verda si synd", og "Guds ord er levande og kraftig". Guds ord er ei kraft til frelse, og vi skal få vere med å vitne frå dette levande ordet.
 
Årsmøtet heldt fram med valg. Vidar Skjong takka av som medlem i IM-styret gjennom mange år, dei siste åra som leiar. Det nye styret i Valderøy IM vart: Bente Dyb, Harry Valderhaug, Karen Randi Sæther, Annlaug Walderhaug, Harald Austnes, Kjartan Skjong og Ståle Valderhaug. Varareprensentantar er: Gunn Sissel Mulelid og Laila (Jo) Valderhaug. Merethe Ervik Valderhaug vart valgt til Valderøy IM sin representant i Valderøy IUF sitt styre.
 
Det vart elles votert over eit forslag om å opne for utleige av bedehuset til åremålsdager m.m. Forslaget har vore utgreidd av ein komite, og eit fleirtal i årsmøtet stemde for forslaget, der styret administrerer utleige ved ei utleigenemnd. Når personar til nemnda er på plass og kalenderplan for neste semester er klar, kan huset leigast ut til arrangement i tråd med utleigereglementet.
 
I siste del av årsmøtet var det matykt og kaffi med ein god prat rundt borda. 
Det vart gjeve "ordet fritt" og her vart det mellom anna takka for dei som har vore med i styre og arbeidet elles. Protokollskrivar, Jan Ivar Stokseth, las heilt på tampen av årsmøtet opp referatet frå årsmøtet.
 
Bilde: Nyescena i storesalen der korset lyser natt og dag, og vi blir minte om ordet om Jesus i Joh. 1,29. 
 
ref. Harry Valderhaug.